«I Love You, Suzanne» er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut på både 7" og 12" singel frå det trettande soloalbumet hans, New Sensations (1984). Det var den første singelen frå albumet og den einaste som gjekk inn på singellista, då han nådde 78. plassen på UK Singles Chart. Musikkvidoen for «I Love You, Suzanne» vart noko spelt på MTV.
Komposisjon Fleire år etter utgjevinga av songen hevda bassisten Fernando Saunders at Robert Quine hadde komponert gitarriffet til «I Love You, Suzanne» i studio medan bandet øvde. Etter å ha høyrt riffet til Quine, hadde Reed skrive teksten til songen, men han hadde ikkje klart å gje Quine status som låtksrivar på songen på plateomslaget, og dermed fekk ikkje Quine nokre honorar for songen, som gjorde at forholdet deira vart ytterlegare forsura.
Andre stader hadde Reed ei anna historie. «Eg må ha hatt det riffet i hovudet mitt i seks månader. Det er berre ein billeg D-akkord, for det eg er interessert i treng du ikkje mange akkordar for. Det kom berre fullt ut, og det var alltid sånn. Eg sat og spelte det riffet i seks månader fordi eg er i stand til å sitje og spela eitt riff i timevis, og så sa eg: 'Vel, det er så enkelt, kvifor ikkje bruka det?'»
Innhald 7"-singel «I Love You, Suzanne» «Vicious»
12"-singel «I Love You, Suzanne» «Vicious» «Walk on the Wild Side»
Salslister Liste (1984)PlasseringAustralia (Kent Music Report)71UK Singles Chart78
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «I Love You, Suzanne» frå , den 9. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Lou Reed-songar Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar skrivne av Lou Reed Kategori:Songar frå 1984 Kategori:RCA Records-singlar