mini|Kystbussen på veg til Bergen Kystbussen, med rutenr 400, er ei ekspressbussrute som går mellom Bergen og Stavanger. Kystbussen vart oppretta i 1993. Kystbussen starta som eit samarbeid mellom fire ulike busselskap på Vestlandet, og er no driven av trafikklaga Boreal Transport Sør og Tide Reiser. Ruta er ein del av NOR-WAY bussekspress sitt rutenett. Populariteten og passasjermengda har auka sidan oppstarten, og i dag (2008) er det avgangar frå Bergen og Stavanger ein gong i timen.

Kystbussen hadde i 2010 508.000 passasjerar.

Ruta til Kystbussen Kystbussen går hovudsakleg langs E39, men køyrer òg innom tettstader som ikkje ligg ved europavegen. Dei fleste bussane stoppar ved alle vanlege busstopp, men nokre ruter er direkteruter som berre stoppar på stoppestadene som står i rutetabellen.

Ruta frå Bergen går slik: Bergen Busstasjon Nesttun Osøyro Halhjem ferje|24pxHalhjem-Sandvikvåg Sandvikvåg Jektevik Riksveg 544 til Leirvik Føyno Ulveraker ved Valevåg Haukås Fylkesveg 6 til Sveio (ikkje direktebussar) Fylkesveg 47 til Haugesund rutebilstasjon, E134 til Aksdal (ikkje direktebussar) Aksdal Slåttevik Arsvågen ferje|24px Arsvågen-Mortavika Mortavika Byterminalen i Stavanger

Bakgrunnsstoff Kystbussen sine nettsider

Kategori:Ekspressbuss Kategori:Nor-way bussekspress