Rock Hard er det sjuande studioalbumet til den amerikanske musikaren Suzi Quatro. Det kom ut i oktober 1980 og var det første og einaste albumet hennar på plateselskapet Dreamland. Albumet vart spelt inn over ein periode på ein månad i 1980, i United Western Studios i Hollywood. Dei tre mykje brukte korvokalistane Paul Delph, Michael Des Barres og Andrea Robinson song på albumet. Det er det siste albumet hennar som gjekk inn på ei albumliste på 26 år, før ho gav ut Back to the Drive i 2006. Albumet inneheld mellom andre songane «Rock Hard», «Glad All Over» og «Lipstick», som alle vart gjevne ut på singlar. TIttelsporet selde godt og nådde niandeplassen i Australia, men berre 68. plassen i Storbritannia. «Lipstick» selde berre moderat og nådde 46. plassen i Australia og 51. plassen i USA. «Glad All Over» er ein coverversjon av ein song opphavleg av The Dave Clark Five, og i motsetnad til dei andre singlane var han den einaste som nådde lista i Belgia, der han nådde 25. plassen.
Då albumet kom ut fekk det positive meldingar av kritikarane, og mange meinte at det var det beste albumet hennar i 1980-åra. Men det var likevel eit av dei dårlegast selde albuma til Quatro fram til då i karrieren i USA og i Noreg, sjølv om ho fekk ei gullplate for albumet i Australia.
Albumet kom ut på ny i 2012 og var den første av fleire nymastra utgåver på Cherry Red Records på CD. Cherry Red har sidan gjeve ut andre Quatro-album, i tillegg til det siste studioalbumet hennar, In the Spotlight.
Mottaking I ei melding for AllMusic skreiv Donald A. Guarisco om albumet: «Sjølv om det manglar singelen som ville ha hjelpt det over kneika kommersielt, er Rock Hard så konsistent og likandes at det er vanskeleg å argumentere mot. Kort sagt er Rock Hard noko naudsynt og ei solid lytting for alle som er interessert i korleis kvinneorientert rock var før grrl-rockarar som L7 og Hole kom.»
Innhald
Salslister Liste (1980/81)PlasseringAustralia (Kent Music Report)31
Medverkande Suzi Quatro - solovokal, bassgitar, orgel Len Tuckey - sologitar, korvokal Jamie Crompton - gitar Dave Neal - trommer Andrea Robinson - korvokal Linda Lawley - korvokal Michael Des Barres - korvokal Paul Delph - korvokal Sue Richman - korvokal Mike Chapman - produsent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rock Hard» frå , den 17. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Suzi Quatro-album Kategori:Cherry Red Records-album Kategori:USA-amerikanske poprockalbum Kategori:Album produserte av Mike Chapman Kategori:Album spelte inn i United Western Recorders