Mike Burney () var ein engelsk jazz-saksofonist, mest kjend for tida han spelte i Roy Wood sitt Wizzard.

Karriere Mellom 1968 og 1970 spelte Burney i bandet til Billy Fury. Etter dette vart han medlem av Wizzard og spelte på singlar som «I Wish It Could Be Christmas Everyday».

I nyare tid arbeidde han med The Million-Airs Big Band & Concert Orchestra og var åtte år i The Syd Lawrence Orchestra. Han arbeidde òg i eit felles prosjekt med andre Wizzard-medlemmar kalla The Old Horns Band.

Burney turnerte og spelte med Chaka Khan, The Beach Boys, Sammy Davis jr., Petula Clark, Memphis Slim, Steve Winwood, Ruby Turner, Adam Faith, Bob Hope, Cliff Richard, Cilla Black, Dionne Warwick og Matt Monro.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mike Burney» frå , den 18. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske rockesaksofonistar Kategori:Engelske jazzsaksofonistar Kategori:Musikarar frå Birmingham Kategori:Wizzard-medlemmar