Propaganda er det fjerde studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Sparks, utgjeve 11. november 1974.
Utgjeving Albumet følgde eit halvt år etter Kimono My House og vart ein suksess i Storbritannia og USA. Det nådde niandeplassen på UK Album Chart(som var den nest høgaste plasseringa deira i Storbritannia i nesten 43 år før Hippopotamus i 2017) og 63. plassen på Billboard 200 (som er den høgaste plasseringa deira i det landet).
Singlane «Never Turn Your Back on Mother Earth» og «Something for the Girl with Everything» var ikkje like suksessrike som dei frå Kimono My House, men begge nådde topp 20 i Storbritannia, på høvesvis 13. og 17. plass. I Frankrike vart «At Home, at Work, at Play» gjeven ut i lag med «Propaganda» som kom ut på singel i staden for «Something for the Girl with Everything». I USA vart «Achoo» gjeven ut som den einaste singelen på albumet.
Mottaking I ei melding for Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) skreiv Robert Christgau: «Fans av desse sjølvlaga toskane omtaler dei absolutt ikkje som pop fordi dei kjem på AM-radio - for ein gongs skuld gjer programmerarane jobben sin. Så er det fordi dei syng i eit høgt register? Eller fordi ein god rytme gjer dei endå meir ukomfortable enn andre reiskap for eit godt levd liv?; 'Vend aldri ryggen til moder jord,' syng eller brummar dei i ein stil unaturleg nok til å avslutta det noverande kjærleiksforholdet ditt eller drepa kaktusane dine, og eg må trass alt vera ein naturleg mann, for eg kan ikkje tola motsetninga.»
Dave Connolly frå AllMusic rørte kritikken: «Den veldige utstrøyminga av ord og idear, understreka av gitarar og klaverinstrument med ofte skiftande rytmar, anten fråstøyter eller tiltrekker lyttarar.» Likevel meinte han «nærsynte» amerikanske lyttarar var meir kritiske til «kryssinga på albumet mellom 10cc og powerpop på slutten av 70-talet», og konkluderte med at «Propaganda er framleis ein dei beste prestasjonane til Sparks, full av ein sløyfa sjarm som held fram å fengsla dei opensinna engelske lyttarane».
Nyutgjevingar Propaganda vart gjeve ut på nytt og ommastra av Island i 1994 og 2006. Den første utgåva på Island Masters la til b-sidene «Alabamy Right» og «Marry Me». '21st Century Edition' inkluderte òg eit intervju frå Saturday Scene spelt inn i november 1974.
Innhald
Salslister Liste (1974/75)PlasseringAustralia (Kent Music Report)75Canada81Storbritannia (Official Charts Company)9USA (Billboard 200) 63
Medverkande Sparks Russell Mael - vokal Ron Mael - klaverinstrument Trevor White - gitar Ian Hampton - bass Norman «Dinky» Diamond - trommer Adrian Fisher - gitar
Teknisk Produsert av Muff Winwood Lydteknikarar - Richard Digby-Smith, Robin Black og Bill Price Miksing - Bill Price Konsept og fotografi - Monty Coles
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Propaganda (Sparks album)» frå , den 23. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Sparks - «Propaganda»
Kategori:Sparks-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Album produserte av Muff Winwood Kategori:Island Records-album