Whomp That Sucker er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks, gjeve ut i 1981.

Historie Sparks hadde spelt inn No. 1 In Heaven og Terminal Jive med Giorgio Moroder. Begge hadde vore relativt suksessrike, men brørne syntest at alt det elektroniske utstyret var tungvindt å turnere med. Whomp That Sucker vart så spelt inn utan Giorgio Moroder i Musicland Studios i München, men framleis knytt til Giorgio Moroder Enterprises. Dei neste fire albuma vart spelte inn i same partnerskapen. Produsenten for albumet var Mack, som nyleg hadde produsert Queen-albumet The Game.

Sparks vende attende til rockestilen sin på dette albumet etter at dei to førre albuma hadde vore discoprega. Mael-brørne fekk med seg bandet Bates Motel til å akkompagnere seg. Dei bestod av gitaristen Bob Haag, bassisten Leslie Bohem og trommeslagaren David Kendrick. Denne besetninga spelte inn dei fire neste Sparks-albuma, fram til og med Music That You Can Dance To i 1986. Haag, Bohem og Kendrick spelte òg inn musikk under namnet Gleaming Spires. Gruppa spelte inn tre studioalbum tidleg i 1980-åra og fekk ein liten new wave-hit, «Are You Ready for the Sex Girls?», i 1981. Bohem vart seinare manusforfattar i Hollywood.

Utgjeving Whomp That Sucker vart gjeve ut på fleire ulike plateselskap: RCA i USA, Underdog i Frankrike, Ariola/Oasis i Tyskland og i Storbritannia på det kortvarige Why-Fi Records. Albumet vart ikkje ein suksess i Storbritannia, men gjorde det forholdsvis bra i Frankrike, sidan det kom ut kort tid etter den franske hitten deira «When I'm With You» i 1980. I USA nådde albumet 182. plassen på Billboard 200, og vart det første albumet deira der sidan Indiscreet som gjekk inn på lista der.

«Tips for Teens» og «Funny Face» kom ut på singlar. I Frankrike var «Funny Face» den første singelen, medan «Tips for Teens» var først ute i Storbritannia. «Don't Shoot Me» vart vald ut som B-side for «Tips for Teens» i Storbritannia.

Innhald

Medverkande Russell Mael - vokal, gitar Ron Mael - klaverinstrument, synthesizer, konsept for omslaget Bob Haag - gitar, ekstra korvokal Leslie Bohem - bassgitar, ekstra korvokal David Kendrick - trommer Mack - synthesizerprogrammering, lydar («knust glas»), produsent, lydteknikar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Whomp That Sucker» frå , den 26. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Sparks-album Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Album produserte av Reinhold Mack Kategori:RCA Records-album Kategori:Carrere Records-album Kategori:Oglio Records-album Kategori:Repertoire Records-album