mini|Magnus Eikrem i 2012

Magnus Wolff Eikrem () er ein norsk fotballspelar frå Molde som har spelt for Molde Fotballklubb i periodane 2011-13 og sidan 2018. Han er midtbanespelar, kjent som ein framifrå playmaker.

Karriere Klubbspel Eikrem var med i junioravdelinga til Manchester United, men kom aldri på fyrselaget. Frå 2011 til juni 2013 var Molde-spelar, deretter eit halvår i SC Heerenveen. Etter eitt års mislukka opphald i Cardiff City, skreiv han i januar 2015 kontrakt med Malmö FF. Her var han med om å vinne Allsvenskan i 2016 og i 2017. 25. juli 2018 var han tilbake i Molde FK. Her var han ein sentral spelar då laget i 2019 lukkast vinne den norske fotballserien. 1. mai 2022 kunne han som kaptein lyfte kongepokalen etter Molde slo Bodø/Glimt med 1-0 i cupfinalen.

Landslagsspel I tida frå 15. januar til 31. august 2016 deltok Eikrem i 17 av Noregs landskampar, utan å kome på skåringslista.

Merittar Svensk seriemeister: 2016 og 2017 for Malmö FF Norsk seriemeister: 2019 for Molde FK Norsk cupmeister: 2021/22 for Molde FK

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Magnus Wolff Eikrem» frå , den 2. mai 2022. eu-football

Kategori:Molde-spelarar Kategori:Malmö-spelarar