mini|Adriaen van Ostade: «Der Maler in seiner Werkstatt» (1663) Atelier (uttalt atelié eller atlié, frå fransk for fransk ‘verkstad’) er arbeidsrommet, studioet eller verkstaden til ein biletkunstnar, fotograf eller ein annan kreativ utøvar. Nemninga blir òg brukt om arbeidslokale for kunstindustri og enkelte typar skredderi og finare systover. Tilgang på naturleg lys er ofte viktig i eit godt atelier.
Ateliers libres var uformelle akademi som utvikla seg på 1800-talet; der det blei skaffa modellar, men ikkje gitt noka undervisning. Desse var ettertrakta av avantgarde-kunstnarar. Charles Gleyre sitt atelier blei brukt som møtestad for unge Monet, Renoir og Sisley, og det finst ei levande skildring av den uformelle omgangsforma i George du Maurier sin roman Trilby (1894).
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Atelier» frå , den 3. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske ord og uttrykk Kategori:Målarkunst Kategori:Rom