«Kings of the Wild Frontier» var den første singelen til Adam and the Ants med to trommeslagarar som spelte Burundi-rytmen, som bandet vart kjent for. Songen var òg den første Adam Ant og Marco Pirroni skreiv i lag og den første singelen på CBS Records etter at dei forlet Do It Records.
Singelen kom ut 25. juli 1980, og nådde 48. plassen på UK Singles Chart. Etter at dei fekk det store gjennombrotet sitt med «Dog Eat Dog» og «Antmusic» (fjerde og andreplassen) vart «Kings of the Wild Frontier» gjeven ut på ny i februar 1981. Denne gongen nådde songen andreplassen.
Songen vart spelt inn i lag med Adam Ant og Pirroni på gitar, Kevin Mooney på bassgitar og på trommer, både Chris Hughes (under pseudonymet «Merrick») og Terry Lee Miall.
Songen vart gjeven ut på albumet med same namn 3. november 1980.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kings of the Wild Frontier (Adam and the Ants song)» frå , den 6. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Adam and the Ants-songar Kategori:Songar skrivne av Adam Ant Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Songar produserte av Chris Hughes Kategori:Songar skrivne av Marco Pirroni Kategori:CBS Records-singlar