«Christmas Time (Don't Let the Bells End)» er ein song gjeven ut av det britiske hardrockbandet The Darkness. Singelen kom ut 15. desember 2003 for å konkurrere om toppen av den britiske singellista over julehelga. Han nådde til slutt andreplassen på lista. Songen kom seinare ut på «Christmas edition» av debutalbumet deira, Permission to Land, som kom ut i somme område av Europa 22. desember 2003.
Bakgrunn Songen har ein uvanleg struktur for ein julesong. Songen nemner dei vanlege tinga som julehøgdtida, julenissen og bjøller, levert i falsetten som er varemerket til Justin Hawkins. Eit skulekor syng korvokal på songen, og deltok òg i musikkvideoen. Dei kom frå Haberdashers' Aske's Hatcham College i New Cross i London, der mora til Justin og Dan gjekk ein gong.
Songen klarte ikkje å nå toppen av den britiske singellista i juleveka og hamna bak dei relativt ukjende Gary Jules og Michael Andrews med ein coverversjon av Tears for Fears-songen «Mad World».
Innhald CD-singel «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» – 3:39 «I Love You 5 Times» – 3:42
Digital nedlasting «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» – 3:39
Tysk CD-singel «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» – 3:39 «I Love You 5 Times» – 3:42 «I Believe in a Thing Called Love» (live at Knebworth) – 4:43 «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» (music video) – 3:45
Svensk CD-singel «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» – 3:39 «I Believe in a Thing Called Love» (single version) – 3:37
DVD-singel «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» (audio) – 3:39 «I Believe in a Thing Called Love» (live at Knebworth – audio) – 4:43 «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» (music video) – 3:45
7-tommar vinyl «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» – 3:39 «I Love You 5 Times» – 3:42
Salslister
Vekeslister Liste (2003–2004)Plassering
Årslister Liste (2003)PlasseringIrland (IRMA)25UK Singles (OCC)10 Liste (2004)PlasseringUK Singles (OCC)185
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» frå , den 9. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 2003 Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Engelske julesongar Kategori:The Darkness-songar Kategori:East West Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Justin Hawkins Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin Kategori:Songar skrivne av Dan Hawkins Kategori:Songar skrivne av Frankie Poullain Kategori:Songar skrivne av Ed Graham