Soini Mikael Nikkinen () var ein finsk spjutkastar frå Kiuruvesi. Han vann bronsemedaljen i spjutkasting under Friidretts-EM 1954 i Bern.
Aktiv Nikkinen deltok i Sommar-OL 1948 og Sommar-OL 1952, enda på høvesvis tolvte- og åttandeplass. Perioden 1951-56 var han kvart einaste år mellom dei tre beste spjutkastarane på verdsstatistikken. Han vart finsk meister i 1952 og kom på tredjeplass i europameisterskapen 1954. I 1955 sette han landsrekord med eit kast på 79,64 meter. Den 24. juni 1956 sette han verdsrekord med eit kast på 83,66 meter i Kuhmoinen. Allereie ti dagar seinare vart rekorden forbetra med 10 cm av polske Janusz Sidło. Nikkinen fekk ikkje delta i Melbourne-OL grunna misnøye med oppførselen hans i samband med ein landskamp i Hamburg.Arbeiderbladet 3. oktober 1956.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1948 i London: Nr 12 – 58,05 m OL 1952 i Helsinki: Nr 8 – 68,80 m EM 1954 i Bern: Bronsemedalje – 73,38 m
Kjelder
World Athletics
Kategori:Finske spydkastarar Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952