Writer er debutalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Carole King, gjeve ut i mai 1970. King hadde alt hatt ein suksessrik karriere som låtskrivar og vore ein del av The City, ei kortvarig gruppe ho skipa etter etter ho flytta til Los Angeles i 1968. Av spor på albumet finn ein «Up on the Roof», som nådde fjerdeplassen på den amerikanske hitlista for The Drifters i 1962, og «Child of Mine», som var blitt spelt inn av Billy Joe Royal,Billy Joe Royal, The Very Best of Billy Joe Royal: The Columbia Years (1965-1972) Henta 23. september 2012. blant andre. Albumet fekk lite merksemd då det kom ut, men gjekk inn på albumlista etter suksessen til det neste albumet til King, Tapestry, i 1971. Albumet vart produsert av John Fischbach, som var med å skipe studioet Crystal Sound der albumet vart spelt inn.

Albumet fekk positive meldingar frå kritikarane, og AllMusic skreiv at det var det «mest undervurderte av alle dei originale albuma hennar». Og i ei melding som òg omfatta Tapestry i Rolling Stone, skreiv Jon Landau «Writer var ei velsigning trass i feila sine» og at sjølv om «produksjonen var dårleg», gjorde King sjølv albumet «absolutt verdt det».

Innhald Alle songar skrivne av Gerry Goffin og Carole King; tekst for «Raspberry Jam» og «What Have You Got to Lose» av Toni Stern.

Medverkande Carole Kingpiano, vokal, korvokal, arrangement Ralph Schuckettorgel John FischbachMoog synthesizer James Taylorakustisk gitar; korvokal på «Goin' Back» Danny Kortchmarakustisk gitar, elektrisk gitar, conga Charles LarkeyFender bass Joel O'Brientrommer, perkusjon, vibrafon Abigale Haness, Delores Hallkorvokal

Produksjon John Fischbachprodusent Andrew Berlinerlydteknikar Gerry Goffinmiksing Guy Websterfotograf Tom Neuwirthfotograf på innsida Rod Dyer, Paul Bruhwilerlayout, design

Salslister Liste (1971)PlasseringKanadiske RPM-listaLibrary and Archives Canada. Henta 14. mai 202262Den japanske albumlista67US Billboard Top LPs[ Allmusic - Carole King > Writer > Charts & Awards > Billboard Albums]84

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Writer (album)» frå , den 14. mai 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1970 Kategori:Carole King-album Kategori:CBS Records-album Kategori:Ode Records-album