«(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» er ein song frå 1967, gjeven ut på singel av den amerikanske soulsongaren Aretha Franklin på Atlantic. Teksten var skriven av Gerry Goffin etter ein idé av produsenten Jerry Wexler i Atlantic, og musikken var komponert av Carole King. Songen vart skriven for Franklin og singelen vart ein stor hit som nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100, og vart ein av signaturlåtane hennar. Han laga historie i Storbritannia då han gjekk inn på den britiske singellista ei veke etter ho døydde, nesten 51 år etter at songen først kom ut. Han nådde då 79. plassen. Franklin gav òg ut eit konsertopptak av songen på albumet Aretha in Paris in 1968.

Carole King sjølv spelte inn songen i 1971 på albumet sitt Tapestry. Blant dei mange andre versjonane av songen finst versjonar av Mary J. Blige og Celine Dion, som begge kom ut i 1995. På Kennedy Center Honors i 2015, framførte Aretha Franklin songen til ære for prismottakaren Carole King.

Originalinnspeling Songen vart skriven av Gerry Goffin og Carole King og var inspirert av Atlantic Records-medeigaren og produsenten Jerry Wexler. Wexler fortalte i sjølvbiografien sin at han studerte afroamerikansk musikkultur og hadde fundert på konseptet om «det naturlege mennesket», då han køyrde forbi King i ei gate i New York. Han ropte til ho at han ønskte ein «naturleg kvinne»-song for det neste albumet til Aretha Franklin. Goffin og King drog heim og skreiv songen same kvelden.Remnick, David «Soul Survivor: The revival and hidden treasure of Aretha Franklin», The New Yorker, 4. april 2016. Som takk gav dei Wexler rolla som medlåtskrivar.

Cash Box sa at «songmessig er songen utan sidestykke; og med glimrande produksjon og akkompagnement vert summen ei knusande framferd» og at songen byggjer seg til «nye kjenslemessige toppar» frå ein «formidabel» start.

Medverkande Aretha Franklin – solovokal Spooner Oldham – piano Tommy Cogbill – bass Gene Chrisman – trommer The Sweet Inspirations, Carolyn Franklin & Erma Franklin – korvokal Strengeinstrument dirigerte av Ralph Burns

Salslister Liste (1967)PlasseringAustralia 36Canada RPM11U.S. Billboard Hot 100 8U.S. Billboard R&B2U.S. Cash Box Top 100 12

Liste (2018)Plassering Sweden Heatseeker (Sverigetopplistan) 12U.K. Top 10079

Salstrofé

Seinare versjonar

mini|right|238px|Carole King framfører «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» i 2010. «Natural Woman» vart gjeven ut av Peggy Lipton i 1968 på det sjølvoppkalla albumet hennar på Ode Records, av Freddie Hughes i 1968 som «Natural Man» (Wand Records 1192), og av George Benson på albumet hans Goodies i 1968 (Verve Records V6-8771).

Peggy Lee gav ut ein versjon i 1969 på albumet A Natural Woman.

Han vart spelt inn av Carole King på albumet hennar Tapestry i 1971. Celine Dion spelte inn songen i 1995 for Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King, og gav han ut på singel. Mary J. Blige spelte òg inn songen det året for New York Undercover.

Rod Stewart spelte inn songen på albumet sitt Smiler i 1974.

Joyce Sims spelte inn ein versjon av songen i 1989 på albumet All About Love.

Tami Roman si R&B-gruppe frå 1990-åra Female, spelte inn ein versjon av songen for filmen Panther i 1995.

Beccy Cole spelte inn eit konsertopptak av songen i 2007 på albumet sitt Live @ Lizotte's.

Carole King og Gloria Estefan framførte songen i mai 2009 på She's Got a Friend-konstarne i Foxwoods Resort Casino i Connecticut. Lydopptak frå framføringane kom ut på somme utgåver av Estefan-albumet The Standards i 2013.

I 2012 spelte Christine Anu inn songen på albumet sitt Rewind: The Aretha Franklin Songbook.

I 2014 song Amber Riley songen i den femte sesongen av Fox-serien Glee.

I desember 2015 framførte Aretha Franklin songen på Kennedy Center Honors til ære for Carole King. Framføringa vart høgt akta.

Songen kom ut på debutalbumet til gruppa Leading Ladies, framført av musikalskodespelaren Cassidy Janson, som hadde spelt hovudrolla i Beautiful: The Carole King Musical.

Mary J. Blige-versjonen Salslister Liste (1995–96)Plassering

Celine Dion-versjonen «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» kom ut som ein promosingel for Celine Dion i november 1995 i Nord-Amerika og Storbritannia. Han var på eit hyllestalbum til Carole King, kalla Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King, utgjeve 24. oktober 1995. Seinare inkluderte Dion dette sporet på dei fleste utgåvene hennar av albumet Falling into You i 1995. Songen var produsert av David Foster. Dion sin versjon fekk moderat suksess på adult contemporary-listene, og nådde fjerdeplassen i Canada og 31. plassen i USA. I 2008 var songen nytta på den amerikanske versjonen av My Love: Ultimate Essential Collection. Då Falling Into You vann Grammyprisen for årets album i 1997, var songen den første som kom ut på to årets album - etter at Tapestry vart årets album i 1971.

14. april 1998 framførte Dion, Aretha Franklin, Mariah Carey, Shania Twain, Gloria Estefan og Carole King songen i lag under ein konsert for VH1 Divas i Beacon Theatre i New York. Dei seks vokalistane vart henta inn av VH1 for å samle inn pengar for Save the Music. VH1 gav seinare ut konsert på plate den 6. oktober 1998. Versjonen vart òg gjeven ut som radiosingel.

Medverkande Celine Dion – vokal, korvokal Lynn Davis – korvokal David Foster – arranger, klaverinstrument, produsent Michael Thompson – gitar

Format 1995 promo CD-singel (Celine Dion) «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» – 3:43

1998 promo CD-singel (Divas) «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» (Live) – 5:15 «You've Got a Friend» (Live) – 5:29

Salslister

Vekeslister Liste (1995–1996)PlasseringUK Airplay Chart (Official Charts Company)79

Årslister Liste (1996)PlasseringCanada Adult Contemporary (RPM)53 US Adult Contemporary (Radio & Records)94

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» frå , den 17. mai 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Aretha Franklin-songar Kategori:Atlantic Records-singlar 090 Kategori:Songar produserte av Jerry Wexler Kategori:Songar med tekst av Gerry Goffin Kategori:Songar skrivne av Carole King Kategori:Songar skrivne av Jerry Wexler Kategori:Soulballadar Kategori:Carole King-songar Kategori:Celine Dion-songar Kategori:Mary J. Blige-songar Kategori:Peggy Lee-songar Kategori:Bobby Womack-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Bonnie Tyler-songar Kategori:Amii Stewart-songar Kategori:Eva Cassidy-songar Kategori:Kelly Clarkson-songar Kategori:Gloria Estefan-songar