Inger Elin Kristina Ivarsdatter Utsi () er ein norsk samisk skodespelar som har spelt i fleire filmar.
Utsi voks opp i Kautokeino. Ho har mellom anna spelt i filmane Ofelaš (Veiviseren) og Kautokeino-opprøret. Ho spelte òg Elna i TV-serien Hjerterått produsert av Original Film. TV-serien blei send på NRK Super vinteren 2013.
Inger Elin Utsi har har både økonomi- og journalistutdanning. Ho har jobba som kommunikasjonsrådgivar ved UiT - Noregs arktiske universitet, i NRK, Altaposten og TV Nord.
I dag jobbar ho som seniorrådgjevar for Sannings- og forsoningskommisjonen, som er oppnemnd av Stortinget. Sekretariatet held til ved UiT Noregs arktiske universitet, Tromsø.
Utsi stilte til val for NSR i nordre valkrins ved Sametingsvalet 2013. Ho blei ikkje vald inn direkte, men overtok i form av vararepresentant for Silje Karine Muotka, då Muotka blei vald inn i Sametingsrådet. Utsi sat på Sametinget i ein periode. Ho har òg vore engasjert i fleire verv, mellom anna i Norsk Tjenestemannslag og LO.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Inger Elin Utsi» frå , den 18. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
Profil på Sametinget Profil på NSRs hjemmeside
Kategori:Folk frå Kautokeino Kategori:Samiske skodespelarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:NSR-politikarar Kategori:Sametingsrepresentantar