Soufiane el-Bakkali () er ein hekkeløpar frå Marokko. Han vart olympisk meister på 3 000 meter hinder i 2021 og 2024, verdsmeister 2022 og 2023. Han vann elles VM-sølv i 2017 og VM-bronse i 2019.
Aktiv El-Bakkali stega inn i verdseliten på 3 000 meter hinder då han vart fjerdemann i øvinga under Sommar-OL 2016 med personbeste 8.14,3. Sommaren etter tok han sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i London. Vel tre veker etter VM-finalen forbetra han den personlege rekorden til 8.01,8 i Brussel. 20. juli 2018 gjorde el-Bakkali unna sitt livs kjappaste 3 000 m hinder, i Monaco vart han klokka i mål på 7.58,1. Han presterte 8.03,7 og årsbeste i VM-finalen, men enda på tredjeplass då han hadde lite å stille opp med i spurten mot kenyanaren Conseslus Kipruto og etiopiske Lamecha Girma.
Under Sommar-OL i Tokyo i juli 2021 var el-Bakkali suverent best på sisterunda og vann 3 000 meter hinder framom Girma, med Kenyas Benjamin Kigen på tredjeplass. Det var fyrste gong på 34 år at ikkje ein kenyansk løpar vann 3 000 m hinder i Fridretts-VM og i olympiske sommarleikar. Sidan var el-Bakkali bestemann i avslutninga av hinderløpet under verdsmeisterskapen 2022 og verdsmeisterskapen 2023, i begge tevlingane kom Lamecha Girma på plassen bak. Også ved dei olympiske leikane i Paris 2024 storma el-Bakkali inn til siger i 3 000 meter hinder.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 4 – 8.14,3 VM 2017 i London: Sølvmedalje – 8.14,4, bakom Conseslus Kipruto (8.14,1) VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 8.03,7 OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 8.08,9, framom Lamecha Girma (8.10,3) VM 2022 i Eugene: Gullmedalje – 8.25,1, framom Lamecha Girma (8.26,0) VM 2023 i Budapest: Gullmedalje – 8.03,5, framom Lamecha Girma (8.05,4) OL 2024 i Paris: Gullmedalje – 8.06,0, framom Kenneth Rooks (8.06,4) VM 2025 i Tokyo: Sølvmedalje – 8.33,95, bakom Geordie Beamish (8,33,88)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Soufiane el-Bakkali» frå , den 4. juni 2022.
World Athletics
Kategori:Marokkanske friidrettsutøvarar Kategori:Hinderløparar Kategori:Olympiske meistrar for Marokko Kategori:Marokkanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Marokkanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Marokko