Lysprikkfiskfamilien (Myctophidae) er ein familie av fiskar.
Dei har ein avlang kropp som er samantrykt frå sidene, feittfinne og små lysorgan i rekker. Dei lever pelagisk i alle hav frå overflata ned til fleire tusen meters djupne. Mange artar vandrar vertikalt i løpet av døgnet; vanleg djupne er 300–1200 m om dagen og 10–100 m om natta.
Lysprikkfiskar finst i enorme mengder, og dei er blant dei mest talrike av alle virveldyr. Dei speler derfor ei viktig rolle i marine økosystem som føde for større fiskar, kvalar, pingvinar og blekksprutar.
Det blir drive kommersielt fiske etter lysprikkfiskar i Omanbukta, utanfor Sør-Afrika og i Subantarktis.
Slekter
Benthosema Bolinichthys Centrobranchus Ceratoscopelus Diaphus Diogenichthys Electrona Gonichthys Gymnoscopelus Hintonia Hygophum Idiolychnus Krefftichthys Lampadena Lampanyctodes Lampanyctus Lampichthys Lepidophanes Lobianchia Loweina Metelectrona Myctophum Nannobrachium Notolychnus Notoscopelus Parvilux Protomyctophum Scopelopsis Stenobrachius Symbolophorus Taaningichthys Tarletonbeania Triphoturus
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lysprikkfiskfamilien» frå , den 10. juni 2022. oppgav desse kjeldene:
Litteratur
P. Pethon (1998). Aschehougs store fiskebok (4. rev. utg.). Aschehoug. s. 272–275. ISBN 82-03-22260-9. J.S. Nelson (2006). Fishes of the World (4. utg.). John Wiley & Sons. ISBN 0-471-25031-7.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fiskefamiliar Kategori:Strålefinnefiskar