Hollis Conway () er ein tidlegare USA-amerikansk høgdehoppar som perioden 1988-92 tok medalje i øvinga i dei tre største internasjonale meisterskap på rad.

Conway kneip sølvmedaljen i høgdehopp under Sommar-OL 1988 i Seoul då han hoppa 2,36 m i fyrste forsøk. 30. juli 1989 forbetra han landsrekorden i USA til 2,39 meter. I 1991 presterte han livsbeste med 2,40 meter då han sigra i hall-VM i Sevilla, og noko seinare gjekk han til topps ved universiaden i Seattle med 2,37 m. Under verdsmeisterskapen 1991 var han nest best av dei tre utøvarane som enda opp med 2,36 m i sluttprotokollen, nok til å berge bronsen. Året etter var han ein av tre utøvarar som alle fekk bronse under sommarleikane i Barcelona.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje – 2,36 m, bakom Hennadij Avdjejenko (2,38 m) VM 1991 i Tokyo: Bronsemedalje – 2,36 m OL 1992 i Barcelona: Bronsemedalje – 2,34 m VM 1993 i Stuttgart: Nr 6 – 2,34 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hollis Conway» frå , den 19. juni 2022.

World Athletics

Kategori:Høgdehopparar frå USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Folk frå Chicago