William Bell Scott () var ein skotsk kunstnar innan oljer og akvarell og tidvis trykking.

Scott var også ein diktar og kunstlærar. Dei posthumt utgjevne memoar hans gjev eit rikt bilde av livet i sirkelen til prerafaelittane; han stod særleg nær Dante Gabriel Rossetti. Etter ein oppvekst i Edinburgh flytta han til London, og frå 1843 til 1864 var han leiar for den statlege School of Art i Newcastle upon Tyne, der han la til industrimotiv til repertoaret sitt av landskap- og historiemåleri. Han var ein av dei fyrste britiske kunstnarane til å nøye avbilda prosessane i den industrielle revolusjonen. Han vende tilbake til London, der han arbeidde for Science and Art Department til 1885.Andrew Wilton & Anne Lyles, The Great Age of British Watercolours, 1750–1880, s. 321, 1993, Prestel,

Han måla ein syklus av historiske motiv saman med scenar frå moderne industri for Wallington Hall i Northumberland (no ein National Trust-eigedom), dei best kjende verka hans, og ein heilt historisk syklus for Penkill Castle i Ayrshire i Skottland. Han måla ikkje mange portrett, men portrettet hans av venen Algernon Charles Swinburne er det ikoniske bildet av diktaren. Etsingane hans blei hovudsakleg laga for å illustrera bøkene hans.

Liv Scott var son av gravøren Robert Scott (1777–1841) og bror av David Scott, og var fødd i Edinburgh. Som ung studerte han kunst og hjelpte far sin. Han gav også ut vers i skotske magasin.

venstre|mini|William Bell Scott, John Ruskin og Dante Gabriel Rossetti fotografert av William DowneyNational Portrait Gallery, London

I 1837 drog Scott til London. Der blei han godt nok kjend som kunstnar til å bli utnemnd til den statlege designskulen i Newcastle-on-Tyne i 1844. Han hadde denne stillinga i tjue år, og arbeidde med å organisera kunstopplæring og eksaminasjonar under Science and Art Department. I Newcastle blei Scott vitja av heile familien Rossetti, og Dante Gabriel Rossetti måla eit portrett av Maria Leathart ved Scott sin bustad i 14 St Thomas' Crescent (minna med ein plakett sett opp i 2005). Algernon Charles Swinburne, som skreiv to dikt til Scott, var mykje hjå han i Newcastle etter å ha blitt send vekk frå Oxford.

Etter 1870 var Scott mykje i London, der han kjøpte eit hus i Chelsea. Han pleidde ein nær vennskap med Dante Gabriel Rossetti, og hadde høgt omdøme som både kunstnar og forfattar. Han var likevel i sterk opposisjon til John Ruskin.Tim Hilton, John Ruskin (2002) p. 644. 'The publication of Our Sketching Club gave an opportunity to ... Ruskin's old enemy, to write a hostile review in which he repeated many of his earlier criticisms of The Art of Drawing.'

Han trekte seg frå stillinga gjeven han av Science and Art Department i 1885, og dreiv deretter hovudsakleg med å skriva memoara sine fram til han døydde. Autobiographical Notes kom ut posthumt i 1892, med eit minneord av professor Minto. Scott er særleg hugsa for tilknytinga si til krinsen rundt Rossetti.

Kunst venstre|mini|William Bell Scott Iron and Coal. 1855–60. National Trust, Wallington, Northumberland I tillegg til oljemåleri dreiv Bell Scott med dekorative arbeid, særleg ved Wallington Hall i Northumberland. Der gav Pauline, Lady Trevelyan han oppdrag etter å ha kome over hans Memoir over broren David Scott frå 1850. Han laga åtte store bilde der som illustrerte historia i Northumberland, med figurar i full storleik, i tillegg til atten bilde frå The Ballad of Chevy Chase i spandrillane til bogene i hallen. Til Penkill Castle laga han ein liknande serie som illustrerte Jakob I sitt dikt The Kingis Quair. mini|Ailsa Craig (1860) av William Bell Scott (Yale Center for British Art)

Forfattarskap Scott gav ut dikt med jamne mellomrom (som Poems, 1875, illustrert av han sjølv og Alma-Tadema), som minna om dei til William Blake og Percy Bysshe Shelley, og var sterkt påverka av Rossetti. Han skreiv også kunst- og litteraturmeldingar, og redigerte verk av John Keats, Letitia Elizabeth Landon, Lord Byron, Samuel Taylor Coleridge, Shelley, William Shakespeare og sir Walter Scott.

Familie I 1839 gifta Scott seg med Letitia Margery Norquoy; dei fekk ingen barn. I Newcastle hadde han ein elev som heitte Alice Boyd, ei syster av den dåverande lairden av Penkill Castle i Skottland. I 1860 vitja Scott Penkill Castle og byrja eit forhold med Alice som skulle vara til han døydde ved Penkill i 1890. Sjølv om ekteskapet ikkje var lukkeleg, ville ikkje Scott skapa skandale ved å gå frå kona si, og skipa ein trekant som blei akseptert av alle: Alice var med William og Letitia i London om vinteren, medan dei kom til Penkill om sommaren. mini|Minneplakett på veggen over grava til Boyd ved Penkill gravlund i Old Dailly Kirk, i Ayrshire i Skottland.

Bildeutval

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «William Bell Scott» frå , og «William Bell Scott» frå den 20. juni 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skotske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet