Christopher Deon Brown () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bahamas, spesialist på 400 meter. Han vann åtte VM-/OL-medaljar med Bahamas sitt lag i 4 x 400 meter stafett, gullmedaljen under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton og under Sommar-OL 2012 i London. Brown sin personlege rekord på 44,40 sekund er frå Bislett stadion i Oslo 6. juni 2008.
Aktiv Brown fekk si fyrste OL-medalje ved Friidrett under Sommar-OL 2000 dei olympisk leikane i Sydney, ein bronsemedalje i 4 x 400 m stafett. Året etter vart han verdsmeister for Bahamas, etter at USA sitt lag fleire år i ettertid fekk annullert prestasjonen sin. Deretter sanka Brown og Bahamas stafettsølv i tre verdsmeisterskap i rad: 2003, 2005, 2007. Også i Sommar-OL 2008 vann Bahamas sølv i 4 x 400 m stafett. I dei neste sommarleikane, i London 2012, vart Brown olympisk stafettmeister. Han avslutta med stafett-bronse under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro.
Trass i at Brown tilhøyrde verdseliten på 400 meter i ei ti års tid, lukkast han aldri å vinne ein medalje i dei aller største internasjonale tevlingane. Han enda opp som fjerdemann i 400-meterfinalen både ved VM 2005 i Helsinki, VM i friidrett 2007 i Osaka, samt OL 2008 i Beijing. Nærast medalje kom han i Beijing, der han var fire hundredels sekund for seint i mål. Året etter vart han femtemann på distansen i VM 2009 i Berlin. Også i London OL 2012 sprang Brown inn til fjerdeplassen på 400 m. Derimot lukkast han vinne 400-meteren ved hall-VM 2010 i Doha, ei tevling med langt tynnare deltaking enn i ordinære utandørsmeisterskap.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Bronse i stafett. Utslått i kvartfinalane på 400 m (45,76=nr 25) VM 2001 i Edmonton: Gull i stafett. Utslått i forsøket på 400 m (46,01=nr 27) VM 2003 i Paris: Bronse i stafett. Utslått i semifinalen på 400 m (45,29=nr 15) OL 2004 i Aten: Utslått i semifinalen på 400 m (45,31=nr 11) VM 2005 i Helsinki: Nr 4 på 400 m – 44,48. Sølv i stafett VM 2007 i Osaka: Nr 4 på 400 m – 44,45. Sølv i stafett OL 2008 i Beijing: Nr 4 på 400 m – 44,84. Sølv i stafett VM 2009 i Berlin: Nr 5 på 400 m – 45,47 VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalen på 400 m (45,54=nr 12) OL 2012 i London: Gull i stafett. Nr 4 på 400 m – 44,79 VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalen på 400 m (45,18=nr 10) VM 2015 i Beijing: Utslått i semifinalen på 400 m (45,09=nr 19) OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronse i stafett. Utslått i forsøket på 400 m (45,56=nr 17)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chris Brown (sprinter)» frå , den 27. juni 2022.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Bahamanske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Bahamas Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Bahamas Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Bahamas Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016