Strelitzia er ei planteslekt frå Sør-Afrika som omfattar fem artar av fleirårige plantar. Ho høyrer til plantefamilien Strelitziaceae. Slekta har namn etter britiske dronning Charlotte av Mecklenburg-Strelitz. Plantane i slekta blir også kalla paradisfuglblomar, ettersom blomane minner om paradisfuglar. I Sør-Afrika blir blomane kalla traneblomar (crane flower) og er avbilda på baksida av 50-cent-mynten. Dei er er blomeemblem for Los Angeles. To av artane i slekta, S. nicolai og S. reginae, er utbreidde som potteplantar.

Skildring Arten S. nicolai er den største i slekta, og kan bli 10 meter høg, med kvite og blå blomar. Dei andre artane blir typisk 2,0 til 3,5 m høge,, bortsett frå S. caudata, som er eit tre som typisk er mindre enn S. nicolai. Blada er store, 30–200 cm lange og 10–80 cm breie, og liknar bananblad på utsjånad, men med lengre bladstilk, plassert i to rekkjer som dannar ei vifteliknande, eviggrøn krone. Blomane sit på vassrette blomestandar som kjem ut frå høgblad-slirer.

Formeiring Blomane blir pollinerte av solfuglar, som sit på og drikk frå høgbladslira. Vekta av fuglen når han står på slira gjer at ho opnar seg og slepp pollen på føtene til fuglen. Pollenet blir så overført til neste blomeslier som fuglen sit på. Strelitzia-artar har ikkje naturlege insektpollinatorar. På stader der det ikkje finst solfuglar treng plantar i denne slekta å pollinerast for hand om dei skal setja frø.

Artar og hybridar Ein reknar med fem artar til slekta, men ein av dei — S. juncea — er blitt påvist å vera genetisk del av ein anna, S. reginae. Det er mogleg at dette er ein mutasjon som er i ferd med å danna ein eigen art. BildeVitskapleg namnEngelsk namnNaturleg utbreiing120pxStrelitzia alba (syn. S. augusta)White bird of paradiseGarden Route langs dei sørlegaste kyastregionane av Eastern og Western Cape i Sør-AfrikaStrelitzia caudataMountain strelitziaChimanimanifjella i Zimbabwe sør til Mosambik, Northern Provinces i Sør-Afrika og Eswatini Strelitzia nicolaiWhite bird of paradise or giant bird of paradise; wild banana; blue-and-white strelitziaMozambik, Botswana, Zimbabwe og austlege Sør-Afrika frå Great Fish River nordover til Richards BayStrelitzia reginae (syn. S. parvifolia)Strelitzia, bird of paradise, or crane lilySør-Afrika (Cape Provinces og KwaZulu-Natal)Strelitzia juncea (Ker Gawl.) )African desert bananaSør-Afrika nær Uitenhage, Patensie, og like nord for Port Elizabeth

Strelitzia × kewensis (hybrid mellom S. reginae og S. augusta)

Namn Slekta blei kalla opp av Joseph Banks etter Charlotte av Mecklenburg-Strelitz, dronninga til Georg III.

Strelitzia er også namnet på det botaniske tidsskriftet til National Botanical Institute i Pretoria, som sidan er blitt gjort om til South African National Biodiversity Institute (SANBI). Strelitzia erstatta Memoirs of the Botanical Survey of South Africa og Annals of the Kirstenbosch Botanic Gardens.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Strelitzia» frå , den 3. juli 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Oppkallingar etter Charlotte av Mecklenburg-Strelitz Kategori:Planteslekter Kategori:Strelitziaceae