Maryam Yusuf Jamal, opphavleg Zenebecha Tola, () er ein etiopisk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Bahrain. Ho vart verdsmeister på 1500 meter i 2007 og 2009, i 2012 vann ho bronsemedaljen på distansen i Sommar-OL.
Aktiv Tola/Jamal er ein av fleire, opphavleg afrikanske løparar, som sidan 2002 har hatt suksess under framandt flagg. Ho flykta frå Etiopia i 2004 til Sveits, og fekk året etter statsborgarskap i Bahrain. Same året, den 14. juni 2005 i Rieti, sette ho personleg rekord på 1500 meter med tida 3.56,7. Under i Friidretts-VM i Helsinki kom ho på femteplass.
I verdsmeisterskapen 2007 i Osaka vann Jamal gullmedaljen på 1500 m etter å ha slått russiske Jelena Soboleva i spurten, ein utøvar som året etter vart stroken frå sølvplassen. Jamal vart sabotert under OL-finalen i Beijing og enda som nummer fem. I 2009 forsvarte ho topplassen på 1500 meter ved Berlin-VM m og tok ein ny gullmedalje. Sidan la ho beslag på bronsemedaljen då dei olympiske leikane fann stad i London sommaren 2012.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 4.02,49 VM 2007 i Osaka: Gullmedalje – 3.58,7, framom Iryna Lisjtsjynska (4.00,6) OL 2008 i Beijing: Nr 5 – 4.02,7 VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 4.03,74, framom Lisa Dobriskey (4.03,75) OL 2012 i London: Bronsemedalje – 4.10,74
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Maryam Yusuf Jamal» frå , den 5. juli 2022.
World Athletics
Kategori:Bahrainske friidrettsutøvarar Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Bahrain Kategori:Bahrainske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Bahrainske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012