Jakobittopprøret i 1745, også kjent som Forty-five Rebellion eller berre The '45 (skotsk gælisk Bliadhna Theàrlaich,  [ˈpliən̪ˠə ˈhjaːrˠl̪ˠɪç], bokstaveleg 'Karlsåret'), var eit forsøk av Karl Edvard Stuart på å ta tilbake den britiske trona for far sin, Jakob Edvard Stuart. Oppreisten gjekk føre seg under den austerrikske arvefølgjekrigen, då det meste av den britiske hæren kriga på Kontinentet. Han blei likevel slått ned, og viste seg å vera det siste av jakobittopprøra som hadde byrja i 1689 med større utbrot i 1708, 1715 og 1719.

Karl byrja opprøret 19. august 1745 ved Glenfinnan i Det skotske høglandet. Han erobra Edinburgh og sigra i slaget ved Prestonpans i september. Ved eit rådsmøte i oktober gjekk skottane med på å invadera England etter at Karl gav dei forsikringar om solid støtte frå engelske jakobittar samstundes som franske troppar ville gjera landgang i Sør-England. På dette grunnlaget gjekk jakobitthæren inn i England tidleg i november. Dei nådde Derby den 4. desember, og bestemte seg for å venda tilbake til Skottland der.

Ein hadde tidlegare diskutert tilbaketrekking i Carlisle, Preston og Manchester, og mange i hæren meinte allereie at dei hadde gått for langt. Invasjonsruta var blitt vald for å gå gjennom område som var rekna som sterkt jakobittiske, men den lova engelske støtta uteblei, og jakobitthæren var no underlegen i tal og i fare for å bli avskoren frå ein mogleg retrett. Det store fleirtalet i hæren støtta tilbaketrekkinga, men ho førte til ei uoppretteleg splitting mellom Karl og dei skotske støttespelarane hans. Trass i ein siger ved Falkirk Muir i januar 1746, gjorde slaget ved Culloden i april slutt på opprøret og mykje av støtta for Stuart-saka. Karl rømte til Frankrike, men klarte ikkje å vinne støtte for eit nytt forsøk. Han døydde i Roma i 1788.

Bakgrunn alt=Portrait of James, the Old Pretender|venstre|mini|James Francis Edward Stuart, 'the Old Pretender,' eller 'Chevalier de St George'. Portrett frå 1748. Den ærerike revolusjonen i 1688 erstatta Jakob II og VII med den protestantiske dottera hans Maria og den nederlandske ektemannen hennar Vilhelm, som herska som sams monarkar av England, Irland og Skottland. Verken Maria, som døydde i 1694, eller syster hennar Anne hadde barn som overlevde dei. Dette gjorde den katolske halvbroren deira Jakob Edvard Stuart til den næraste naturlege arvingen. Act of Settlement frå 1701 utelukka katolikkar frå arvefølgja, og då Anne blei dronning i 1702, var arvingen hennar den fjerne slektningen, men protestanten Sophia av Hannover. Sophia døydde i juni 1714, medan Anne døydde to månader seianre, i august. Sonen til Sophia arva trona som Georg I.

Ludvig XIV av Frankrike, som var den viktigaste støttespelaren for stuartane i eksil, døydde i 1715. Etterfølgjarane hans trengte fred med Storbritannia for å kunna byggja opp att økonomien. Den anglo-franske alliansen frå 1716 gjorde at Jakob måtte forlata Frankrike. Han slo seg ned i Roma med støtte frå paven, noko som gjorde han endå mindre attraktiv å støtta for protestantar, som utgjorde det store fleirtalet av dei britiske støttespelarane hans. Jakobittopprør både i 1715 og 1719 hadde slått feil. Seniorstøttespelarar i eksil, som Bolingbroke, fekk nåde og vende heim eller blei tilsette andre stader. Fødslane til sønene Karl og Henry hjelpte til med å halda på interessa for stuartane, men i 1737 blei Jakob rapportert å «leva fredeleg i Roma etter å ha gjeve opp alt håp om ein restaurasjon».

Samstundes såg franske statsmenn på slutten av 1730-talet på den britiske handelsekspansjonen som hadde føregått sidan 1713 som eit trugsmål mot den europeisk maktbalansen, og stuartane som eit av fleire moglege middel for å redusera han. Eit mindre opprør var likevel mykje meir kostnadseffektivt enn ein kostbar restaurasjon til trona, særleg ettersom det ikkje var sannsynleg at stuartane var meir franskvennlege enn hannoverarane. Dei skotske høglanda var ein ideell stad for opprøret, på grunn av den føydale klanstrukturen sin, det at dei låg fjernt og ulendt til. Mange skottar var likevel klare over at eit opprør ville vera øydeleggjande for den lokale folkesetnaden.

Motstand mot skattar innførte av styremaktene i London førte til oppreistar mot maltskatten i 1725 og Porteous-opprøra i 1737. I mars 1743 blei 42nd Regiment of Foot, som var rekruttert frå Høglanda, sendt til Flandern. Dette var i strid mot ei forståing om at dei berre skulle tena i Skottland, og førte til eit kortliva opprør. Opprør kring løn og tilhøve var ikkje uvanlege, og dei verste opprøra i 1725 fann stad i Glasgow, ein by Karl omtalte i 1746 som ein stad «der eg ikkje har nokon vennar og der ingen prøver å skjula det.»

Handelsdisputtar mellom Spania og Storbritannia førte til krigen om øyra til Jenkins i 1739, og den austerrikske arvefølgjekrigen følgde i 1740–41 . Etter lang fartstid som britisk statsminister blei Robert Walpole nøydd til å gå av i februar 1742 av ein allianse av toriar og Walpole-motstandarane kjende som Patriot Whigs, som så heldt partnarane sine ute frå regjeringa. Rasande toriar som hertugen av Beaufort bad om fransk hjelp til å få Jakob tilbake på den britiske trona. Medan det tydeleg gjekk mot krig mot Storbritannia såg den franske leiande ministeren kardinal Fleury på jakobittane som upålitelege fantastar, eit syn dei fleste franske ministrar delte med han. Marquis D'Argenson, som blei utnemnd til utanriksminister av Ludvig XV etter at Fleury døydde i januar 1743, var eit unntak.

Jakobittisme i Storbritannia etter 1715 venstre|mini|Den walisiske toryen Sir Watkin Williams-Wynn (1692–1749); den himmelblåe vesten hans var eit jaobittsymbol Sjølv om jakobittismen framleis var ei betydeleg politisk rørsle i 1745, var interne splittingar blitt stadig tydelegare under opprøret. Historikaren Frank McLynn identifiserer sju hovudfaktorar som dreiv rørsla, med Stuart-lojalitet som den minst viktige. Særleg estimat av engelsk støtte blanda saman likesæle knytt til hannoverarane med entusiasme for stuartane.

Seniorrådgjevarane til Karl inkluderte eksil-irar som John O'Sullivan, som ville oppnå eit autonomt, katolsk Irland og tilbakeføring av land som var blitt konfiskert etter dei irske konfødererte krigane. Jakob II gav løfte om å oppfylla desse ønska som løn for irsk støtte i den vilhelminske krigen 1689–91, og berre ein Stuart på den britiske trona kunne sikra at dei blei oppfylte.

I England og Wales var dei som hadde jakobitt-sympatiar generelt også toriar, som føretrakk ein merkantilistisk strategi som la vekt på å verna britisk handel. Herredøme over land blei sett på som kostbart, og fyrst og fremst til fordel for Hannover. Dette var særleg eit sterkt syn i City of London, men diplomatar merka seg også at motstand mot handlingar i utlandet berre var til stades når engelsk handel ikkje var truga.

Jakobittopprøret i 1715 i England og Wales leid av å vera sett på som eit hovudsakleg katolsk opprør, sidan dei fleste toryar var sterkt imot katolisismen. Etter 1720 nekta Walpole å handheva antikatolske straffelovar, og mange katolikkar blei støttespelarar for styresmaktene, mellom anna hertugen av Norfolk, den uoffisielle leiaren for dei engelske katolikkane. Han var blitt dømt til døden etter opprøret i 1715, men fekk nåde. Då det nye opprøret tok til i 1745 var han i London, og vitja Georg II for å stadfesta lojaliteten sin.

I 1745 var sjølv toryar som var sympatiske til Stuart-saka langt meir opptatt av å sikra forrangen til Den engelske kyrkja. Dette inkluderte å forsvara henne frå Karl og dei katolske rådgjevarane hans, dei skotske presbyterianarane som utgjorde hovuddelen av hæren hans eller ikkje-konformistar generelt; mange «jakobittiske» demonstrasjonar i Wales stamma frå fiendtlegheit mot den walisiske metodistiske vekkinga frå 1700-talet. Dei jakobittiske eksilane forstod ikkje desse skilnadane eller i kva grad tory-støtta kom frå politisk usemje med whiggane, ikkje Stuart-lojalitet. alt=The 1737 Porteous Riots in Edinburgh|høgre|mini|Måleri av Porteous-opptøya i 1737 Den mest framståande walisiske jakobitten var sir Watkin Williams-Wynn, ein landeigar frå Denbighshire, parlamentsmedlem frå Tory-partiet og leiar for den jakobittiske White Rose-organisasjonen. Han traff Stuart-agentar fleire gonger mellom 1740 og 1744, og lova støtte «if the Prince brought a French army». Han var i London under opprøret, og blant walisiske landeigarar deltok berre to advokatar, David Morgan og William Vaughan.

Etter oppreisten i 1719 blei det innført nye straffer mot geistlege som nekta å sverja truskap til Hannover-regimet i staden for stuartane. For dei fleste engelske såkalla nonjuring clergy var spørsmålet om det var tillate å sverja truskap to gonger, og derfor blei problemet naturleg nok mindre etter kvart som desse prestane døydde. I Skottland betydde doktrinære forskjellar med den herskande skotske kyrkja at dei heldt på sjølvstendet sitt, som i dag held fram i Scottish Episcopal Church. Mange av dei som deltok i oppstanden kom frå ikkje-eidsverjande episkopale kyrkjelydar. Likevel var den mektigaste enkeltfaktoren for skotsk støtte i 1745 ei motstand mot unionen mellom dei to landa frå 1707, der tapet av politisk kontroll ikkje hadde gjeve ein opplevd økonomisk fordel. Dette var spesielt markert i Edinburgh, den tidlegare staden for det skotske parlamentet, og i det skotske høglandet.

Karl i Skottland alt=Charles Stuart at Holyrood, 1745|venstre|mini|Charles Edward Stuart som europeisk kongeleg, måla i Holyrood seint i 1745 Under Fontainebleau-traktaten frå 1743, eller Pacte de Famille, gjekk Ludvig XV og onkelen hans, Filip V av Spania, med på å samarbeida om ei rekkje tiltak mot Storbritannia, medrekna å forsøka å gjeninnsetta stuartane. I november 1743 gav Ludvig melding til James om at invasjonen var planlagd for februar 1744. Han byrja å samla 12 000 soldatar og transport ved Dunkerque, ein stad vald fordi det var mogleg å nå Themsen i løpet av ein enkelt tidvassyklus. Sidan britiske Royal Navy var godt kjend med dette, utførte den franske skvadronen ved Brest iaugefallande førebuingar for å leggja til sjøs, i håp om å lokka unna patruljane deira.

Jakob blei verande i Roma medan Karl drog av garde i løyndom for å bli med i invasjonsstyrken. Då skvadronen til den franske admiralen Roquefeuil forleg Brest den 26. januar 1744, følgde ikkje Royal Navy etter han. Marineoperasjonar mot Storbritannia føregjekk ofte om vinteren, ettersom vind og tidvatn gjorde det vanskelegare for britane å handheva ein blokade på grunn av auka risiko for vinterstormar. Som i 1719 viste vêret seg å vera det beste forsvaret for britane. Stormar senka fleire franske skip og førte til mange skader, og Roquefeuil sjølv døydde undervegs. I mars avlyste Ludvig invasjonen, og erklærte krig mot Storbritannia.

I august drog Karl til Paris for å argumentera for ei alternativ landing i Skottland. John Gordon frå Glenbucket hadde lagt fram ein liknande plan i 1738, som var blitt avvist av både franskmennene og Jakob sjølv. Karl møtte sir John Murray frå Broughton, sambandsleddet mellom stuartane og dei skotske støttespelarane deira, som hevda at han frårådde det, men Karl stod fast, «determined to come [...] though with a single footman». Då Murray vende tilbake med melding om planen gjentok skottane motstanden sin mot å gjera opprør utan solid fransk støtte, men Karl rekna med at når han var i gang, ville franskmennene føla seg nøydde til å støtta han. alt=Action between HMS Lion and Elizabeth, July 1745|høgre|mini|Slaget med HMS «Lion» tvinga «Elizabeth» til å venda tilbake til hamn.