Dorothy Ada Shirley () er ein britisk tidlegare høgdehoppar frå Manchester som vann EM-bronse i 1958 og OL-sølv i 1960.

Aktiv Shirley hoppa over 1,67 meter då europameisterskapen 1958 vart avvikla i Stockholm, einast Romanias Iolanda Balaș og sovjetiske Taisija Tsjentsjik kom over henne. Under Sommar-OL 1960 i Roma tok tre utøvarar seg over 1,71 meter i fyrste forsøk. Av desse fekk Dorothy Shirley og polske Jarosława Jóźwiakowska kvar si sølvmedalje for prestasjonen, medan Iolanda Balaș ikkje stoppa før etter ho hadde gått over 1,85 meter.

I september 1962 vart Shirley nummer 4 ved EM i Beograd, med 1,67 meter enda ho seks centimeter under bronseplassen. Sju år seinare, i hennar fjerde og siste europameisterskap, hoppa ho livsbeste 1,74 meter, vart likevel ikkje betre enn nummer 11.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1958 i Stockholm: Bronsemedalje – 1,67 m OL 1960 i Roma: Sølvmedalje – 1,71 m EM 1962 i Beograd: Nr 4 – 1,67 m EM 1966 i Budapest: Nr 8 – 1,65 m OL 1968 i Mexico-byen: Utslått i kvalifiseringa (1,68=nr 20) EM 1969 i Aten: Nr 11 – 1,74 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dorothy Shirley» frå , den 13. juli 2022.

World Athletics

Kategori:Britiske høgdehopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968