Blessing Oghnewresem Okagbare () er ein nigeriansk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i sprintløp og lengdehopp. Ho tok OL-bronse i lengdehopp i 2008 og sikra seg VM-sølv i øvinga fem år seinare. Okagbare fekk då også bronsemedaljen på 200 meter. Dopingdømt.

Aktiv Okagbare vart nummer tre i lengdetevlinga under Sommar-OL 2008, andreplassen gjekk til Tatjana Lebedeva som fekk annullert sitt resultat ni år seinare. Under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva enda Okagbare opp med sølv i lengde, 2 centimeter bakom Brittney Reese frå USA. Fem dagar seinare sprang Okagbare inn til bronse på 200 m, på same tid som sølvmedaljør Murielle Ahouré. I 2014 sigra Okagbare både på 100 m og 200 m ved samveldeleikane i Glasgow.

Okagbare sine personbeste på 100 meter og 200 m, høvesvis 10,79 og 22,04 sekund, var i si tid afrikarekordar. 100-meterstida presterte ho i 2003, same sesongen som ho sett personleg rekord med eit lengdehopp som målte 7 meter. 22,04 oppnådde ho våren 2018 i Abilene i Texas.

Doping Under Tokyo-OL 2021 testa Okagbare positivt i doping, det kom for ein dag at ho hadde nytta seg av veksthormonar og EPO over lengre tid. Ho vart deretter stengt ute frå idrett dei neste ti åra.

Medaljar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Bronsmedalje i lengdehopp – 6,91 m VM 2013 i Moskva: Sølv i lengdehopp – 6,91 m, bronse på 200 m – 22,32

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Blessing Okagbare» frå , den 17. juli 2022.

Bakgrunnsstoff

World Athletics

Kategori:Nigerianske friidrettsutøvarar Kategori:Lengdehopparar Kategori:Sprintarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nigeria Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Nigerianske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Nigerianske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Nigerianske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Nigerianske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Dopingsaker i friidrett