Hurrem Sultan (ca. 1502–15. april 1558), også kjend som Roxelana, var fyrstekona til den osmanske sultanen Suleiman den store. Ho blei ei av dei mektigaste kvinnene i osmansk historie, og var ein framståande og kontroversiell person i tida kjend som kvinnesultanatet.

Hurrem Sultan var fødd i Rutenia (då ein austleg del av Kongeriket Polen, no i Ukraina) som dotter av ein ortodoks prest. Ho blei teken til fange av krimtatarar under eit slaveraid og kom etterkvart til Istanbul, hovudstaden i Det osmanske riket. Ho blei del av haremet til sultanen, og steig gjennom gradene til å bli favoritten til sultan Suleiman. I eit brot med osmansk tradisjon gifta han seg med Hurrem, slik at ho fekk status som kona hans; tidlegare hadde sultanar berre gifta seg med frie adelskvinner. Ho blei den fyrste kona til ein sultan som fekk tittelen Haseki Sultan. Hurrem levde resten av livet i hoffet til sultanen. Ho fekk seks barn med han, mellom dei den seinare sultanen Selim II. Ho var farmor til Murad III.

Hurrem fekk etterkvart mykje makt og påverka politikken i det osmanske riket. Gjennom ektemannen fekk ho ei aktiv rolle i statsstyringa. Ho var truleg rådgjevar for sultanen, skreiv diplomatiske brev til kong Sigismund II Augustus av Polen og støtta større offentlege byggeprosjekt (mellom anna Haseki Sultan-komplekset og Hurrem Sultan-badet i Istanbul og eit suppekjøkken i Jerusalem). Ho døydde i Istanbul i 1558, og blei gravlagd i eit mausoleum i Süleymaniye-moské-komplekset.

Namn

Fødenamnet til Hurrem er ukjent. Leslie P. Peirce har skrive at det kan ha vore anten Anastasia eller Aleksandra Lisowska. Blant osmanarane var ho hovudsakleg kjend som Haseki Hurrem Sultan eller Hurrem Haseki Sultan. Hurrem eller Khorram (persisk skrift خرم) tyder 'den gladlynte' på persisk. Den osmantyrkiske forma er خُرّم سلطان, romanisert Ḫurrem Sulṭān. På moderne tyrkisk blir namnet skrive Hürrem Sultan og uttalt [hyɾˈɾæm suɫˈtan].

Samtidige europeiske ambassadørar kalla henne la Rossa, la Rosa og Roxelana, med tydinga 'rutenarinna' eller 'den russiske kvinna', for det påståtte rutenske opphavet hennar.

Opphav Kjelder tyder på at Hurrem Sultan opphavleg var frå Rutenia, som då var del av den polske krona. Ho skal ha blitt fødd i Rohatyn 68 km søraust for byen Lwów (Lviv) i noverande Ukraina. Ifølgje kjelder frå slutten av 1500-talet og tidleg 1600-tal, til dømes den polske diktaren Samuel Twardowski (døydde 1661), som forska på emnet i Tyrkia, skal Hurrem ha vore dotter av ein mann med etternamnet Lisovsky som var ein ortodoks prest av rutensk opphav."The Speech of Ibrahim at the Coronation of Maximilian II", Thomas Conley, Rhetorica: A Journal of the History of Rhetoric, Vol. 20, No. 3 (Summer 2002), 266.Kemal H. Karpat, Studies on Ottoman Social and Political History: Selected Articles and Essays, (Brill, 2002), 756. Morsmålet hennar var rutensk, forløparen til moderne ukrainsk.

I løpet av Selim I si regjeringstid, det vil seia ein gong mellom 1512 og 1520, kidnappa krimtatarar henne under eit av slaveraida sine i Aust-Europa. Tatarane kan fyrst ha ført henne til byen Kaffa (no Feodosia) på Krimhalvøya, eit viktig senter for den omanske slavehandelen, før ho blei teken til Istanbul. I Istanbul valde validen Hafsa Sultan henne ut som gåve for sonen sin, Suleiman. Hurrem blei seinare Haseki Sultan eller «favorittkonkubine» i det osmanske sultanharemet. Michalo Lituanus skreiv på 1500-talet at «den mest elska kona av den noverande tyrkiske keisaren – mora til den fyrste [sonen] som vil styra etter han, blei kidnappa frå vårt land.»

Shaykh Qutb al-Din al-Nahrawali, ein religiøs figur frå Mekka som vitja Istanbul seint i 1557, skreiv i memoara sine at Hurrem Sultan var av rutensk opphav. Ho hadde vore ein tenar i hushaldet til Hançerli Fatma Sultan, dottera til Şehzade Mahmud som var son av sultan Bayezid II. Ho blei gjeven til Suleiman då han framleis var ein prins.

Tilhøve til Suleiman mini|Avbilding av Suleiman den store som ung. Roxelana eller Hurrem Sultan kom truleg inn i haremet då ho var rundt sytten år gammal. Det nøyaktige året ho kom inn i haremet er ikkje kjent, men forskarar trur at ho blei konkubina til Suleiman omlag på same tid som han blei sultan, i 1520.

Hurrem si eineståande opphøging frå haremsslave til å bli den ektevigde kona til Suleiman og dronning av det osmanske riket vekte sjalusi og mishag ikkje berre frå rivalane hennar i haremet, men også frå befolkninga generelt. Ho blei snart den mest framtredande partnaren til Suleiman, ved sida av Mahidevran (òg kjend som Gülbahar). Medan dei eksakte datoane for fødslane til barna hennar er omstridd, er det akademisk semje om at fødslane til dei fem barna hennar - Şehzade Mehmed, Mihrimah Sultan, Şehzade Abdullah, sultan Selim II og Şehzade Bayezid - skjedde i løpet av kort tid dei neste fire til fem åra. Det siste barnet til Suleiman og Hurrem, Şehzade Cihangir, blei fødd med pukkelrygg, men på den tida hadde Hurrem fødd mange nok funksjonsfriske søner til å sikra framtida til det osmanske dynastiet.

Det gode humøret og leikne temperamentet hennar gav henne tilnamnet Hurrem, frå persisk Khorram, 'den gladlynte'. I det keisarlege haremet i Istanbul blei Hurrem ein rival av Mahidevran, og påverknaden hennar på sultanen blei snart mykje omtalt. Hurrem fekk lov til å føda meir enn ein son i eit sterkt brot mot det tidlegare haremprinsippet om «éi konkubinemor — éin son,» som var meint å hindra både at mora fekk for stor påverknad over sultan og at heilbrør slost om trona. Hurrem kom til å føda dei fleste av barna til Suleiman. I 1521 fekk ho sin fyrste son, Mehmed, som døydde i 1543. Ho fekk så fire søner til, og øydela dermed Mahidevran sin status som mor til sultanen sin einaste son. Mor til Suleiman, Hafsa Sultan, klarte delvis å undertrykka rivaliseringa mellom dei to kvinnene.Selçuk Aksin Somel: Historical Dictionary of the Ottoman Empire, Oxford, 2003, , s. 123 Ifølgje ein rapport frå Bernardo Navagero førte den bitre kivinga mellom dei to til at det braut ut eit slagsmål der Mahidevran slo til Hurrem, noko som gjorde Suleiman arg. Ifølgje den tyrkiske historikaren Necdet Sakaoğlu var ikkje desse påstandane sanne. Etter at sultanmora Hafsa Sultan døydde i 1534 auka Hurrem innverknaden sin i palasset, og ho tok over styret over haremet. Hurrem blei den einaste partneren til herskaren og fekk tittelen «haseki», som tyder 'favoritten'. Då Suleiman frigjorde henne og gifta seg med henne blei ho «haseki sultan». Å leggja «sultan» til namnet eller tittelen til ei kvinne indikerte at ho var ein del av dynastiet.

I 1533 eller 1534 (nøyaktig dato er ukjend) gifta Suleiman seg med Hurrem i ein storslått formell seremoni. Aldri før hadde ein tidlegare slave blitt opphøgd til statusen som den ektevigde maken til ein sultan, og hendinga overraska observatørar i palasset og byen. Etter vigselen verserte ein ide om at sultanen hadde avgrensa sin eigen autonomi og blei dominert og kontrollert av kona si.

Det var berre mogleg for Hurrem å gifta seg med Suleiman etter at Hafsa Sultan hadde døydd. Dette var ikkje nødvendigvis fordi Hafsa Sultan var sterkt imot giftarmålet, men fordi det ikkje var lov for ei konkubine å stiga over valide sultan (dronningmora) i rang. Hurrem blei også den fyrste sultanmaken til å få tittelen haseki sultan. Denne tittelen var i bruk i over eit hundreår, og spegla den store makta til keisarane sine koner, dei fleste av dei tidlegare slavar, ved det osmanske hoffet. Tittelen gav dei høgare rang enn osmanske prinsesser, og gjorde dei jamhøge med keisarinner i Europa. I dette høvet braut ikkje berre Suleiman med tidlegare skikk, men byrja ein ny tradisjon for framtidige osmanske sultanar: Å gifta seg i ein formell seremoni og gje konene sine betydeleg innverknad på hoffet, særleg når det gjaldt arvefølgje. I det osmanske samfunnet spelte mødrer også ei viktig rolle i utdanninga av sønene sine og i utviklinga av karrierane deira. Hurrem fekk ei løn på 2 000 akçe per dag, noko som gjorde henne til ei av dei best betalte hasekiane.

Etter at mor til Suleiman døydde i 1534 blei Hurrem den mest pålitelege nyheitskjelda hans. I eit av breva sine til Suleiman informerer ho han om situasjonen kring pesten i hovudstaden. Ho skriv: «Min kjæraste sultan! Om du spør om Istanbul, lir byen framleis av pesten, men han er likevel ikkje som den førre. Om Gud vil, kjem han til å forsvinna så snart du kjem tilbake til byen. Forfedrane våre sa at pesten forsvinn når trea feller blada om hausten.»

Seinare blei Hurrem den fyrste kvinna som blei verande ved hoffet til sultanen heile livet. I den osmanske keisarlege familietradisjonen skulle maken til ein sultan berre bli verande i haremet til sonen hennar blei myndig, når han var rundt 16 eller 17 år. Då blei han send bort frå hovudstaden for å styra ein fjerntliggande provins, og mora hans følgde med han. Denne tradisjonen blei kalla sancak beyliği. Konene ville aldri venda tilbake til Istanbul dersom ikkje sønene deira kom på trona. I strid med denne eldgamle skikken blei Hurrem verande i Istanbul, sjølv etter at sønene hennar drog vekk for å styra dei avsidesliggande provinsane av imperiet.

mini|Miniatyrmåleri av Topkapı frå Hünername frå 1584.

I tillegg flytta ho ut av haremet i det gamle palasset (Eski Saray) og flytta permanent inn i Topkapı-palasset etter at ein brann øydela det gamle haremet. Nokre kjelder seier at ho ikkje flytta til Topkapı på grunn av brannen, men som eit resultat av ekteskapet sitt med Suleiman. Uansett var dette nok eit betydeleg brot frå etablerte skikkar, sidan sultan Mehmed erobraren spesifikt hadde utskrive eit dekret om at ingen kvinner skulle få opphalda seg i den same bygningen der ein dreiv med regjeringssaker. Etter at Hürrem flytta inn i Topkapı blei det kjent som Det nye palasset (saray-ı jedid).

Ho skreiv mange kjærleiksbrev til Suleiman medan han var borte på felttog. I eit av breva sine skreiv ho:

«Etter at eg har lagt hovudet mitt mot bakken og kyssa jorda som dei velsigna føtene dine trør på, min sultan, sola og rikdommen til nasjonen min, viss du spør om meg, tenaren din som brunnen av det sterke saknet av deg, er eg som ein som har fått levra [tilsvarande hjartet] steikt; som har fått bringa øydelagd; som har auge fylte med tårer, som ikkje lenger kan skilja mellom natt og dag; som har falle i lengselshavet; desperat, galen av kjærleik til deg, i ei verre stilling enn den til Ferhat og Majnun, brenn denne lidenskapelege kjærleiken til deg, slaven din, fordi eg er blitt skild frå deg. Som ein nattergal, med endelause sukk og rop om hjelp, er eg i ein slik ein tilstand fordi eg er borte frå deg. Eg vil be til Gud om å ikkje gje denne smerta sjølv til fiendane dine. Min kjæraste sultan! Sidan det har gått ein og ein halv månad sidan sist eg høyrde frå deg, veit Gud at eg har gråte natt og dag og venta på at du skulle komma heim. Medan eg gret utan å vita kva eg skulle gjera, let den einaste Guden meg motta gode nyheiter frå deg. Då eg høyrde nyheitene, veit Gud, blei eg levande igjen sidan eg hadde døydd medan eg venta på deg.»

Under pennenamnet sitt Muhibbi skreiv sultan Suleiman dette diktet for Hurrem Sultan: «Trone av mitt einsame avlukke, min rikdom, min kjærleik, mitt månelys. Min mest oppriktige venn, min fortrulege, mitt tilvære, min sultan, min einaste kjærleik. Den venaste av dei vene...Min vår, min gladsynte kjærleik, min dag, min kjæraste, leande lauv... Mine plantar, min søte, mi rose, den einaste som ikkje gjev meg mishag i denne verda... Mitt Istanbul, mitt Caraman, jorda i mitt Anatolia Mitt Badakhshan, mitt Baghdad og Khorasan Mi kvinne med det vene håret, min kjærleik med dei skrå bryna, min kjærleik med auge fulle av ugagn... Eg vil alltid lovprisa deg i min song Eg, elskande med det plaga hjartet, Muhibbi med auge fulle av tårer, eg er lukkeleg.»

Statlege saker