VM i fotball for kvinner 2015 var den 7. offisielle verdsmeisterskapen i fotball for kvinner, og vart arrangert i Canada frå 6. juni til 5. juli 2015. Dette var fyrste gongen Canada arrangerte meisterskapen, og tredje gongen meisterskapen vart arrangert i Nord-Amerika. Kampane vart spelte i seks byar rundt om i Canada i fem tidssoner.

24 landslag deltok i meisterskapen. Meisterskapen var utvida frå 16 lag i 2011 til 24 lag i 2015.

USA vart verdsmeister etter 5-2-siger over tittelforsvarar Japan den 5. juli 2015 i Vancouver. Dette var tredje gongen USA vann verdsmeisterskapen i fotball for kvinner. England vann bronsefinalen etter 1-0-siger over Tyskland.

Verdsmeisterskapen i 2015 var den fyrste meisterskapen som hadde mållinjeteknologi. Det var også fyrste gongen at ein verdmeisterskap for menn eller kvinner vart spelt på kunstgras, der alle kampane vart spelte på kunstgras.

Arenaer Edmonton Moncton Montréal Ottawa Vancouver Winnipeg Commonwealth Stadium Moncton Stadium Stade olympique Lansdowne Stadium BC Place Winnipeg Stadium Kapasitet: Kapasitet: Kapasitet: Kapasitet: Kapasitet: Kapasitet:

Gruppespelet Gruppe A

Gruppe B

Gruppe C

Gruppe D

Gruppe E

Gruppe F

Rangering av tredjeplass-laga

Sluttspelet Åttedelsfinalar

Kvartfinalar

Semifinalar

Bronsefinale

Finale

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «VM i fotball 2015» frå , den 22. juli 2022.

Kategori:Verdsmeisterskap i fotball Kategori:Fotball i 2015

Kategori:Fotballturneringar i Canada Kategori:Sport i Canada Kategori:Idrettstilskipingar i Canada Kategori:Kvinnefotball