Aida Overton Walker (), også kalla Ada Overton Walker og omtalt som «The Queen of the Cakewalk», var ein amerikansk vaudeville-utøvar, skodespelar, songar, dansar og koreograf. Ho var gift med vaudeville-utøvaren George Walker. Ho opptredde saman med ektemannen og vaudeville-partneren hans Bert Williams, og i grupper som Black Patti's Troubadours. Walker var også solodansar og koreograf for vaudevilleshow som Bob Cole, Joe Jordan og J. Rosamond Johnson sitt The Red Moon (1908) og S.H. Dudley sitt His Honor the Barber (1911). Aida Overton Walker er også velkjend for ein opptreden i 1912 med ein Salome-dans ved Hammerstein's Victoria Theatre. Dette var hennar svar på den nasjonale dilla kjend som «Salomania» som var utbreidd i kvit vaudeville i 1907.Office of the Dean, "Bad girls of the 20th century: UCI professor's new book highlights four performance icons who embodied and defied stereotypes", review of Jeanne Scheper, Moving Performances: Divas, Iconicity, and Remembering the Modern Stage (Rutgers University Press, 2016), UCI School of Humanities.

Liv mini|Bilde av Walker frå 1907 Aida Overton blei fødd i New York by den 14. februar 1880. Ho er oppført som eit fire månader gammalt spedbarn i den amerikanske folketeljinga frå 1880 med foreldra Moses på 24 og Pauline på 21. Folketeljinga indikerer at fødestaden hennar var forskjellig frå den til foreldra, som begge var fødde i Nord-nCarolina (NC), medan fødestaden til Aida blei oppgjeven som New York (NY). Yrket til Moses var oppført som kelnar. Namnet hennar blei stava «Ada», men denne typen feilstaving er vanleg i folketeljingane.

Ho fekk seinare ei musikalsk utdanning og trening. Som 15-åring blei ho med i John Ishams si turnerande afroamerikanske gruppe Octoroons. Dei følgjande åra blei ho kormedlem i Black Patti's Troubadours, der ho etterkvart møtte den framtidige ektemannen sin George Walker, ein vaudeville-komikar. Den tidlege karrieren hennar var definert av samarbeidet hennar med han og partnaren hans Bert Williams, som saman snart blei til den store svarte duoen innan vaudeville og musikalsk komedie på den tida. Ho gifta seg med Walker den 22. juni 1899 då ho var 19 år gammal, og George 26.

Overton Walker fekk fyrst nasjonal merksemd i 1900, med opptredenen «Miss Hannah from Savannah» i showet Sons of Ham. Dei neste ti åra var ho hovudakleg kjend for virket sitt i musikalsk teater. Songen og dansen hennar gjorde henne til ein hitt blant publikum. Ho, Walker og Williams samarbeidde om musikalar som In Dahomey (1903), In Abyssinia (1906) og Bandanna Land (1908). I 1904, etter to sesongar i England der dei turnerte med In Dahomey, vende gruppa tilbake til New York. Ho skapte ein versjon av Salome-dansen, ein populær oppvisingsdans på den tida.Krasner, David. A Beautiful Pageant: African American Theater Drama and Performance in the Harlem Renaissance 1910–1927. New York: Palgrave Macmillan, 2002, s. 68–69.

Walker sin karriere og framsyningar i lag med ektemannen blei rosa av kritikarar. Ho hadde både økonomisk sukses og respekt innan næringa.

Seint i 1908 blei ektemannen til Walker sjuk, og partnerane avslutta In Dahomey i 1909. Walker forlet scenen ei tid for å pleia mannen.

venstre|mini|portrett|Aida Overton Walker, 1913

I 1910 blei Overton Walker med i Smart Set Company. På denne tida byrja ho også å turnera med vaudeville som ei soloframsyning. I 1911 framførte ho i His Honor the Barber med Smart Set Company. Overton Walker spelte ei mannleg rolle i Lovie Dear, i tillegg til i Bandanna Land, der ho tok over rolla ektemannen hennar hadde spelt.

George Walker døydde i 1911. I 1912 la Overton Walker ut på turne med showet sitt i 16 veker, og vende så tilbake til New York, der ho opptredde som Salome ved Paradise Roof Garden på Broadway.Krasner, David. A Beautiful Pageant: African American Theater Drama and Performance in the Harlem Renaissance 1910–1927. New York: Palgrave Macmillan, 2002, pp. 68–69. Suksessen hennar ved Hamerstein sitt teater gjorde at ho blei beden om å koma tilbake året etter i Bon Bon Buddy, ein musikal som bygde på ein song mannen hennar hadde gjort populær i Bandanna Land fleire år tidlegare. Framsyninga til Overton Walker var ein ode til den avdøde ektemannen hennar, og så suksessrik at ho blei beden om å ha henne i to veker til.

Walker døydde plutseleg av nyresvikt i 1914.Brian Galindo, "The vaudeville actress who refused to be a stereotype", Buzz Feed Ho hadde opptredd til berre to månader før ho døydde.

I ein artikkel i The Colored American Magazine frå 1905 uttrykte Overton Walker ei tru på at utøvande kunst kunne føra til betre høve for farga i samfunnet: «I venture to think and dare to state that our profession does more toward the alleviation of color prejudice than any other profession among colored people.»Krasner, David. A Beautiful Pageant: African American Theater Drama and Performance in the Harlem Renaissance 1910–1927. New York: Palgrave Macmillan, 2002, pp. 68–69.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aida Overton Walker» frå , den 30. juli 2022.

Litteratur

Kicha. "Aida Overton Walker (1880 – 1914)". N.p., n.d.

Manhattan (New York City) marriage records, 1866-1937 ; index to all boroughs, 1866-1937, New York City Municipal Archives, New York. Family History Library microfilm 1504065.

United States Census of 1880, New York City, New York County, New York State; Enumeration District 174; p37

Bakgrunnsstoff

Aida Overton Walker Broke Stereotypes: Victorian Era Stage Aida Overton Walker ved Global Performers Database "Aida Overton Walker: THE LATER YEARS OF AIDA OVERTON WALKER; 1911–1914", Black Acts. Arkivert nettside. "Joe Jordan, with picture of Aida Overton Walker", Jass.com Obituary i The Freeman, 17. oktober 1914. "Aida Overton Walker", Find a Grave database. Photograph of Aida Overton Walker as Salome https://digitalcollections.nypl.org/items/8e5e8970-0161-0132-015a-58d385a7bbd0 Medda Larkin, a character in Newsies, who took in newsboys with nowhere to stay, was based on Aida Overton Walker. https://newsboys-of-1899.tumblr.com/post/171559864966/this-is-aida-overton-walker-she-is-the-real-life Aida Overton Walker Broke Stereotypes: Victorian Era Stage https://racingnelliebly.com/strange_times/aida-overton-walker-broke-stereotypes-of-victorian-era-stage/ How to Cake Walk, by Aida Overton Walker The Tattler, 1. juli 1903 (Syncopated Times reprint) Kategori:Afroamerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar frå 1900-talet