Bergensdalen prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Storetveit.
Bjørgvin bispedømeråd vedtok i møte 13. juni 2016 å opprette eit nytt prosti i Bergen frå 1. oktober 2017. «Bergensdalen prosti» dekkjer nokre av sokna som tilhøyrde Bergen domprosti og Fana prosti.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsett av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsett i prostiet. Dei fleste prestane er tilsett i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.
Sokn Det er ni sokn i prostiet. Bønes sokn Fridalen sokn Fyllingsdalen sokn Landås sokn Løvstakksiden sokn Solheim kyrkje St Markus kyrkje Slettebakken sokn Storetveit sokn Sælen sokn Årstad sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Om Bergensdalen prosti på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Hordaland fylke Kategori:Bjørgvin bispedømme