Sound Scotland, Sound Festival, soundfestival eller berre sound er ein årleg musikkfestival som går føre seg i Aberdeen og Aberdeenshire i Skottland i slutten av oktober og byrjinga av november. Han omfattar ny musikk innan ulike sjangrar, som jazz, klassisk, elektroakustisk musikk og lydkunst. Festivalen går over 5-6 dagar.
Festivalen byrja med eit samarbeid mellom Mark Hope frå Woodend Barn og Pete Stollery frå University of Aberdeen om å få fleire framsyningar av ny musikk til Nordaust-Skottland. Det blei halde ein liten forsøksfestival over fire dagar i november 2004 kalla Upbeat!. Året etter blei den fyrste offisielle festivalen halden.
Festivalen omfattar grupper som BBC Scottish Symphony Orchestra, Edinburgh Quartet, lokale festivalorkester og ulike grupper, og musikk av til dømes Sally Beamish, James MacMillan, McKenzie Medboe og La Boum!.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkfestivalar i Storbritannia Kategori:Skipingar i 2005 Kategori:Aberdeen Kategori:Aberdeenshire