Bodh Gaya er eit religiøst senter og ein pilgrimsstad knytt til Mahabodhi tempelkompleks i Gaya distrikt i den indiske staten Bihar. Han er kjend som staden der Gautama Buddha skal ha oppnådd opplysing () under eit tre som blei kjent som bodhitreet. Sidan oldtida har Bodh Gaya vore pilgrims- og tilbedingsstad for både buddhistar og hinduar. Ein har gjort arkeologiske funn her av mellom anna skulpturar som viser at staden har vore brukt av buddhistar sidan mauryatida.
For buddhistar er Bodh Gaya den viktigaste av dei fire hovudpilgrimsstadene knytte til Gautama Buddha sitt liv. Dei andre tre er Kushinagar, Lumbini og Sarnath. I 2002 blei Mahabodhi-tempelet i Bodh Gaya utnemnd til ein verdsarvstad av UNESCO.
Historie venstre|mini|Bodhitreet der Gautama Buddha skal ha oppnådd opplysing Bodh Gaya er rekna som den heilagaste staden i buddhismen. På Buddha si tid blei staden kalla Uruwela. Han ligg ved breidda av elva Lilajan. Det fyrste tempelet på staden blei bygd av kong Asjoka.
Etter tradisjonen blei Buddha fødd i år 563 f.Kr. som Siddhartha, og gav avkall på familien sin då han var 29 år gammal, i 534 f.Kr. Han flakka omkring og mediterte på leiting etter sanning. Etter å ha praktisert sjølvmortifikasjon i seks år ved Urubela (Buddhagaya) i Gaya, gav han opp denne praksisen fordi han ikkje gav han vimukthi (‘frelse’ eller ‘forløysing’). Så oppdaga han den edle åttefaldige vegen uten hjelp frå nokon og praktiserte denne, slik at han oppnådde buddhatva eller ‘opplysing’. Opplysing er ein tilstand der ein er heilt fri frå begjær (raga), hat (dosa) og vrangførestillingar (moha). Ved å oppnå opplysning går ein inn i nirvana, der siste fase er parinirvana.
Følgjarane til Gautama Siddhartha byrja å vitja staden ved fullmåne i månaden vaisakh (april–mai) etter hindukalenderen. Over tid blei staden kjend som Bodh Gaya, opplysingsdagen som Buddha purnima, og treet som Bodhi-treet.
Frå 1000- til 1200-talet var Bodh Gaya under styret til lokale høvdingar kjende som Pithipati av Bodh Gaya. Ein av desse herskarane, Acarya Buddhasena, er kjend for å ha gjeve ei gåve til srilankiske munkar i nærleiken av Mahabodhi-tempelet.
Mahabodhi-tempelet mini|Mahabodhitempelet, bygt under Gupta-styret på 500-talet. Tempelkomplekset ligg rundt 110 kilometer unna Patna, på , og omfattar Mahabodhi-tempelet med Vajrasana, eller 'diamant-trona' og det heilage bodhitreet. Dette treet var opphavleg eit avkom av Sri Maha Bodhi-treet på Sri Lanka, som ifølgje overleveringa skal ha spirt frå det opphavlege bodhitreet.
Rundt år 250 f.Kr., rundt 200 etter opplysinga til Buddha, vitja keisar Asoka Bodh Gaya for å skipa eit kloster og tempel på den heilage staden.
Det finst framstillingar av dette tidlege tempelet i Sanchi, på stupa I-toraṇaene frå rundt 25 f.Kr., og eit relieff frå stuparekkverket ved Bhārhut, frå den tidlege Shungatida (ca. 185–ca. 73 BCE)."Sowing the Seeds of the Lotus: A Journey to the Great Pilgrimage Sites of Buddhism, Part I" by John C. Huntington.
Andre buddhisttempel mini|Buddhistmunkar som mediterer i Bodh Gaya Kittisirimegha frå Sri Lanka, ein samtidig av Samudragupta, fekk løyve av Samudragupta til å reisa ein sanghārāma eller eit buddhistkloster ved Mahabodhitempelet. Dette var hovudsakleg meint for singalesiske munkar som kom hit for å tilbe bodhitreet. Den kinesiske reisande munken Xuanzang gjev ei skildring av klosteret og opphavet til det. Det var truleg her at Buddhaghosa møtte Revata, som overtalte han til å koma til Sri Lanka.
Det er bygd fleire buddhisttempel og kloster i eit vidt området rundt Mahabodhitempelet av folk frå Bhutan, Mongolia, China, Japan, Korea, Cambodia, Laos, Myanmar, Nepal, Sikkim, Sri Lanka, Taiwan, Thailand, Tibet og Vietnam. Desse bygningane spegla den arkitektoniske stilen og interiørdesignet til dei respektive heimlanda deira. Buddhastatuen i det kinesiske tempelet er 200 år gammal, og blei frakta hit frå Kina. Det japanske Nippontempelet har form som ein pagode. Det burmesiske tempelet er også pagodeforma og kan minna om Bagan. Thaitempelet har eit typisk skrånande, kurva tak dekt med gylne taksteinar. Inni har det ein stor bronsestatue av Buddha. Ved sida av thaitempelet står ein buddhastatue på 25 meter i ein hage som har vore der over 100 år.
Sujata Stupa Over Phalguelva står Sujata Stupa i landsbyen Bakraur. Denne stupaen er vigd budeia Sujata, som skal ha gjeve Gautama Buddha mjølk og ris då han sat under eit banyantre og avslutta dei sju åra sine med faste og askese, slik at han oppnådde opplysing gjennom middelvegen. Stupaen blei bygd på 200-talet f.Kr., noko ein kan finna prov på gjennom det svarte polerte leirgodset og dei gjennomhola aahat-myntane i klosteret ved stupaen.
Den store buddhastatuen Den store buddhastatuen i Bodhgaya er 25 meter høg, og er også kjend som 80-fotsstatuen. Han blei is in Bodhgaya. Statuen blei avduka og innvigd 18. november 1989. Den 14. Dalai Lama var til stades ved seremonien, og signa statuen. Dette var den fyrste store buddhastatuen bygd i India. Statuen er no eit symbol på Bodhgaya, og blir stadig vitja av pilgrimar frå heile verda. lenkje=//upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/eb/Pipal_tree_temple_of_Bodh_Gaya_depicted_in_Sanchi_Stupa_1_Eastern_Gateway.jpg/220px-Pipal_tree_temple_of_Bodh_Gaya_depicted_in_Sanchi_Stupa_1_Eastern_Gateway.jpg|venstre|mini|Illustrasjon av eit tempel bygd rundt bodhitreet ved Bodhgaya av Asjoka den store. Skulptur frå Satavahana-tida ved Sanchi frå det fyrste hundreåret. 7. juli 2013, rundt 05:15, eksploderte ei bombe i det 2500 år gamle Mahabodhitempelkomplekset. Denne blei følgd av ni andre eksplosjonar. Alle hadde relativt låg intensitet, men to munkar blei skadde, ein tibetanar og ein burmesar. Eksplosjonane blei utførte av ein islamistisk terroristorganisasjon kalla Indian Mujahideen. To andre bomber, ei av dei under 80-fots-buddhastatuen og den andre ved Karmapa-tempelet, blei uskadeleggjorte av politiet.
1. juni 2018 blei fem mistenkte funne skuldige og dømt til fem år i fengsel ved ein domstol i Patna.
Folkesetnad Ved folketeljinga i 2001 hadde Bodh Gaya eit folketal på 30 883. 54 % var menn og 46 % var kvinner. Bodh Gaya hadde ein lesekunnerate på 51 %, lågare enn det nasjonale snittet på 59,5 %; menn hadde ein lesekunnerate på 63 % og kvinner ein rate på 38 %. 8 % av innbyggjarane var under 6 år.
Transport
Det går bussar drivne av turismeorganisasjonen BSTDC mellom Patna og Bodh Gaya via Rajgir. Det er introdusert ei teneste kalla Wonder on Wheel mellom Patna og Bodh Gaya av Bihar Tourism Department. Gaya lufthamn ligg unna Bodh Gaya og rundt frå Gaya Junction jernbanestasjon. Bodhgaya har avgrensa bruken av autorickshawar, bilar og bussar for å gjera valfartsstaden meir fredeleg. Ein treng løyve for å køyra bilar og bussar her, og den einaste taxitenesta er ein elektrisk rickshaw som er nær lydlaus.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bodh Gaya» frå , den 22. august 2022.
Bibliografi
Kinnard, Jacob N. (1998). When Is The Buddha Not the Buddha? The Hindu/Buddhist Battle over Bodhgayā and Its Buddha Image. Journal of the American Academy of Religion 66 (4), 817-839 Geary, David; Sayers, Matthew R; Amar, Abhishek Singh (2012). Cross-disciplinary perspectives on a contested Buddhist site: Bodh Gaya jataka. London, New York: Routledge
Bakgrunnsstoff
Detailed history of Bodhgaya by Ven. S. Dhammika. Bihar state tourism development corporation (BSTDC) Places to Visit in Bodh Gaya Photos of Mahabodhi Temple & Bodhgaya
Kategori:Byar i Bihar Kategori:Turistmål i Bihar Kategori:Buddhisme