Sigismund II August (polsk Zygmunt II August, litauisk Žygimantas Augustas, ) var storfyrste av Litauen frå 1530 og konge av Polen frå 1548. Han sameinte Polen og Litauen gjennom Lublinunionen den 1. juli 1569 til Det polsk-litauiske samveldet.
Sigismund II August var son av Sigismund I og Bona Sforza av Milano. Han var bror av Katarina Jagellonerinnen og svoger av Johan III av Sverige.
Gjennom forsøket sitt på å balansere mellom katolisismen og protestantismen utan heilt å ta stilling, og gjennom det andre ekteskapet sitt med kalvinisten Barbara Radziwiłł, fekk Sigismund II August erfara ein maktkamp med szlachtaen i landet og mellom dei religiøse fraksjonane.
Han fikk ingen legitime arvingar, og var den siste polske monarken frå Huset Jagiełło. Han blei etterfølgd av eleksjonskongen Henrik III.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sigismund II August av Polen» frå , den 28. august 2022.
Kategori:Polske monarkar Kategori:Storfyrstar av Litauen Kategori:Huset Jagello Kategori:Folk frå Kraków