Noah Lyles () er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Gainesville som vart verdsmeister på 200 meter i 2019 og 2022. I dei same to meisterskapane deltok han på USA sitt lag i 4 x 100 m stafett og fekk gull i 2019 og sølv i 2022. Under Sommar-OL i 2021 vart han bronsemedaljør på 200 m. Lyles sin USA-amerikanske rekord på 200 meter er på 19,31 sekund, berre Usain Bolt og Yohan Blake har sprunge fortare på distansen. 9,86 sekund er bestetida til Lyles på 100 meter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Noah Lyles» frå , den 10. september 2022.
World Athletics
Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024