portrett|mini|Tenning av ein qulliq i Nunavut i 1999 mini|Kudlik av kleberstein mini|Seloljelampar
Kudlik (inuktitut, ᖁᓪᓕᖅ, IPA [qulːiq]), qulliq (inuinnaqtun) eller naniq (inupiaq) er ein tradisjonell oljelampe brukt av arktiske folk som inuittar, tsjuktsjarar og yupikfolk.
Denne karakteristiske ojlelampen gav lys og varme i det hade arktiske miljøet der ein ikkje hadde tre til ved, og der den sparsame folkesetnaden var nesten heilt avhengig av sel- eller kvalspekk. Denne lampen var den viktigaste delen av inventaret i dei tradisjonelle heimane til inuittar.Joyce, T. A. & Dalton, O. M. (1910) Handbook to the ethnographical collections. British Museum. Dept. of British and Mediaeval Antiquities and Ethnography Joyce,
Historie Det er usikkert kva tid ein byrja bruka seloljelampene. Dei er ei av fleire teknologiske nyvinningar blant dei arktiske folkeslaga med ei delvis dokumentert innføring og spreiing. Ein har funne oljelamper på stader i paleo-eskimo-samfunn som er daterte tilbake til tida for Norton-tradisjonen, for 3000 år siden. Dei var ein vanleg reiskap for Dorset-kulturen og Thule-kulturen. Lampene ein laga då viste små endringar samanlikna med nyare lamper.
I tradisjonell inuittisk mytologi fortel ei av sogene om sola og månen at solguden Sukh-eh-nukh — kalla Malina på Grønland — ber ein oljelampe som veltar, slik at ho får olje og sot på hendene. Ho svartnar ansiktet til broren sin, måneguden Ahn-ing-ah-neh (Anningan på Greenland og Igaluk andre stader).Inuit: Finding Meaning in the Cosmos Blant netsilikfolk i Nunavut heitte det at når folk braut visse tabu kunne sjøkvinna Nuliajuk halda alle sjøpattedyra i lampa si. Når dette skjedde måtte angakkuq be henne om å sleppa laus viltet.Rasmussen 1965:278 Denne soga inspirerte ein nyårstradisjon der tre lamper blei sløkka og tente att ved fyrste soloppgang.
I tidlegare tider var bruken av lampa allsidig. Arktiske folk brukte henne til å lysa opp i og varma opp telta, dei halvunderjordiske husa og igloane dei budde i. Lampene blei også brukte til å smelta snø, laga mat og tørka klede.
I nyare tid blir lampene hovudsakleg brukt til seremoniar. På grunn av den kulturelle tydinga si er ein qulliq avbilda på våpenskjoldet til Nunavut.
Ein qulliq blei tent for å byrja innsetjingsseremonien til Mary Simon, den fyrst inuitten og urfolkspersonen som blei innsett som guvernørgeneral av Canada i Det canadiske senatet 26. juli 2021.Mary Simon officially becomes Canada's first Inuk Governor General
Skildring og bruk mini|Kvinne trimmar veiken til ein qulliq i Mittimatalik i Nunavut i 1950
Dei inuittiske oljelampene var for det meste laga av kleberstein, men dei blei også laga av ein særskild type keramikk.Alaska Native Collections - Oil lamp Storleiken og forma kunne variera, men dei fleste lampene var anten elliptiske eller halvmåneforma. Veikkuttarane eller taqquti, også kjende som lampematarar, var laga av tre, pil, kleberstein, bein eller elfenbein.
Veiken var som regel laga av arktisk myrull (suputi), duskmyrull og/eller tørka mose (ijju/maniq, inupiaq peqaq)Alaska Native Collections - Oil lampFact Sheet: Information about the Qulliq Ein tente på veiken ved kanten av lampa, og ho gav eit godt lys.A woman demonstrates the use of a stone oil lamp, resting on a metal stand. Gambell, 1960. Anchorage Museum Over lampa kunne ein ha eit stykke spekk som smelta og tilførte lampa meir brennstoff. Ein måtte passa lampa kontinuerleg ved å kutta av veiken slik at lampa ikkje laga røyk.
Medan slike lamper ofte var fylte med spekk frå sel, kunne ein også bruka kvalspekk der det blei drive kvalfangst. Lampa blir likevel gjerne kalla seal-oil lamp på engelsk, medan whale-oil lamp viser til ein anna form for opplysing.Antique Whale Oil Lamps - Demonstration Feitt frå karibu og andre landlevande dyr var eit dårleg alternativ, ettersom selolje var mykje meir effektivt som brennstoff i lampa. Kvinner brukte å skrapa skinnet til ein nyleg flådd sel med ein ulu for å ikkje gå glipp av noko av feittet. Etter at selskinnet var blitt strekt og tørka skrapa ein det med ein halukhit for å fjerna det tørka feittet.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Qulliq» frå , den 19. september 2022.
Bakgrunnsstoff
Qulliq (Oil Lamp) presented by Arnait Video Productions
Kategori:Inuittkultur Kategori:Lyskjelder