Inuvialuit Settlement Region, forkorta ISR (inuinnaqtun Inuvialuit Nunangit Sannaiqtuaq, INS; ), er eit område vest i Arktis i Canada. Området blei oppretta i 1984 gjennom Inuvialuit Final Agreement av dei kanadiske styresmaktene for inuvialuitfolk. Det dekkjer land, det meste over tregrensa, og har fleire underregionar: Beauforthavet, elvedeltaet til Mackenzieelva, norddelen av Yukon («Yukon North Slope») og nordvestdelen av Nordvestterritoria. ISR omfattar både krongods og land som har status som Inuvialuit Private Lands.
ISR er ein av fire inuittiske regionar i Canada, som saman er kjende som Inuit NunangatMaps of Inuit Nunangat (Inuit Regions of Canada) og representert av Inuit Tapiriit Kanatami (ITK). Dei andre regionane er Nunatsiavut i Labrador, Nunavik i Nord-Quebec og territoriet Nunavut.
Ved den kanadiske folketeljinga i 2016 var folkesetnaden i ISR 5336 folk. 3110 av dei var inuvialuitfolk, og utgjorde majoriteten i alle dei seks busetnadane. Der er ingen slike busetnader i Yukon North Slope. Av dei seks fellesbusetnadane i ISR ligg alle i Nordvestterritoria,Berkes, p. 123 og dannar saman med Fort McPherson og Tsiigehtchic regionen Inuvik.
Inuvik ligg aust i Mackenzie-deltaet, rundt unna Polhavet, og er administrasjonssenter i regionen. Han husar Inuvialuit Regional Corporation. Den einaste andre busetnaden i innlandet, Aklavik, ligg ved Peel Channel. Jakt, fiske og fangst er dei viktigaste næringvegane i Paulatuk i Amundsenbukta og Sachs Harbour, den einaste permanente busetnaden på Banksøya. Tuktoyaktuk, tidlegare kalla Port Brabant, ligg ved Kugmallitbukta nær Mackenzie elvedelta. Denne busetnaden har den einaste djupvasshamna i ISR. Ulukhaktok, tidlegare kalla Holman, ligg på vestkysten av øya Kitlineq. Herschel Island, som er folketom, høyrer til ISR sjølv om ho ligg i Yukon og tradisjonelt blei brukt av inuvialuitfolk.
Engelsk blir tala i heile regionen. I tillegg blir det snakka siglitun i Paulatuk, Sachs Harbour og Tuktoyaktuk. Uummarmiutun blir tala i Inuvik og Aklavik. Inuinnaqtun blir tala i Ulukhaktok, og ingen andre stader i Nordvestterritoria. Saman er språka kjende som inuvialuktun.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Inuvialuit Settlement Region» frå , den 25. september 2022.
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1984 Kategori:Delte område