mini|Teppekast i Utqiaġvik under nalukataq Nalukataq (inupiaq [nɐlukɐtɑq], naluk- 'å kasta noko opp i lufta' og kataq) er ein vårfestival knytt til kvalfangst som blir feira av iñupiatfolk nord i Alaska, særleg i North Slope Borough. Han er særmerkt av utøvinga av teppekast, som også blir kalla nalukataq. Nalukataq markerer slutten av kvalfangsttida, og skaper «ei kjensle av å vere for heile fellesskapen og for alle som vil ha litt muktuk eller ta del i teppekastet [...] men nalukataq gjev på inga tid opp det opphavlege føremålet sitt, som er å anerkjenna den årlege suksessen og evnene til kvar umialik, eller kvalfangstkaptein [...] Nalukataq har alltid spegla prosessen kring overleving som ligg innbakt i det å dela [som er] heilt nødvenig i [...] Arktis.«a sense of being for the entire community and for all who want a little muktuk or to take part in the blanket toss....At no time, however, does Nalukataq relinquish its original purpose, which is to recognize the annual success and prowess of each umialik, or whaling crew captain....Nalukataq [traditions] have always reflected the process of survival inherent in sharing...crucial to...the Arctic.» Fast, Phyllis A. (2010). "Alaska at 50: Language, Tradition, and Art", Alaska at 50: The Past, Present, and Future of Alaska Statehood, s. 78-9. Kimura, Gregory W.; ed. University of Alaska. .
Etter kvalfangstsesongen om våren kan ein feira fangstlukke med ein nalukataqfestival.Spencer, Robert F. (1959). The North Alaskan Eskimo, a Study in Ecology and Society, s. 478. "The 'blanket toss' celebration held at the close of a successful spring whaling season." Desse feiringane er knytte til sommarsolkverv,Fair, Susan W. (2006). Alaska Native Art: Tradition, Innovation, Continuity, p.254. University of Alaska. . "Members of these groups harvest whales and celebrate with feasting and rituals honouring the traditional roles of Inupiaq men and women, the status of whaling captains, and the continued abundance of whales." dei føregår i juni med tidspunkt samkjørte for å unngå konfliktar mellom ulike landsbyar, slik at venner og slektningar frå fjerne busetnader har høve til å koma og ta del i fangstrikdommen og festen. I Utqiaġvik held ein til dømes vanlegvis nalukataq den tredje veka i juni. Andre landsbyar kan ha tilstellinga veka før eller veka etter. Tidfestinga er avhengig av kor mange kvalar ein har fanga og andre faktorar.
I løpet av nokre veker kan det haldast fleire nalukataq-feiringar, og kvar av desse kan haldast av flerie kapteinar. Utqiaġvik har med sin store folkesetnad flest tilstellingar, men det blir også halde fleire festivalar ved Point Hope i Alaska og andre landsbyar langs North Slope,.. som Kaktovik og Nuiqsut.
Funksjon Nalukataq har to hovudføremål. For det fyrste er han ei feiring og ein takkefest for suksessrik fangst. For det andre er han den fyrste av fleire gongar i året der ein delar ut quaq (frose kvalkjøt)Eskimo Writing Key ", Alaskool.org. Henta 4. desember 2016. og muktuk (kvalspekk og hud) til felleskapen. Evna til å skapa og dela ut rikdom i felleskapen er høgt verdsett i inuittisk kultur. Kvalskipskapteinar som alltid gjev vekk store delar av fangsten oppnår høg status og respekt i lokalsamfunnet sitt for kvar kval dei fangar. Ein kaptein, umialik,Stern, Pamela R. (2013). Historical Dictionary of the Inuit, s. 135. Scarecrow. . "Nalukataq is hosted by the successful whaling captains and their wives and is given in order to honor the whales that have been caught." kan vera sponsor eler vert, nalukataqtitchi,MacLean, Edna; ed. (2014). Iñupiatun Uqaluit Taniktun Sivuninit/Iñupiaq to English Dictionary, s. 191. University of Alaska. . for ein festival etter å ha fanga ein kval.Stern, Pamela R. (2010). Daily Life of the Inuit, s. 112 & 117. ABC-CLIO. .
Ein kler seg gjerne opp til festivalen, og kan bruka tradisjonelle inuittiske klede som rikt dekorerte muklukar og anorakkar av sel-, karibu-, jerve-, ulve- og reveskinn.
Hendingar mini|Dans i Utqiaġvik Festivalen varer i tre dagar (qagruq, avarriqirut og igauqtutMacLean (2014), s. 245, 64, and 71.), og har fleire ulike fasar. Han byrjar med ei bøn eller ei gudsteneste, og ein heiser flagga til mannskapet rundt middag. Ofte blir det sett opp eit vindfang framfor kapteinen sin qalgit eller samlingshus. Så blir det delt ut brød, kaffi og ulike typar suppe av gås og reinsdyr. Etter dette kjem all maten frå kvalen. Finnane og nokre av innvolane blir tilboden til gjestar.
Etter ein pause der ein kan synga eller fortelja soger, byrja mannskapet å dela ut fangsten til kvar familie som er komen til tilstellinga. Kor mykje ein deler ut kjem an på kor mange og kor store kvalar ein har fanga. Fyrst delar ein ut quaq, som er kvalkjøt som er blitt frose i rå tilstand og skore til terningar. Derettter følgjer avarraq, finnane på kvalen skorne til tynner striper. Etter at desse er blitt delte ut gjev ein ulike andre typar muktuk, i frosen tilstadn. Deretter følgjer ein pause på nokre timar der alle festar på fangsten.
I mellomtida set ein opp nalukataq-teppet. Dette teppet, mapkuq, kan vera laga av skinnet til fleire kvalrossar eller storkobbar, ugruk, eller av lerret, og sydd til ein stor sirkel eller eit kvadrat. Om ein er utandørs strekk ein reip frå kvart hjørne, festar det til fire trepålar (tidlegare kvalbein) og stramar det med taljer, slik at det når omtrent til livet på folk. Men og kvinner held i reip festa til kantane av teppet som dragarar, naluaqtit,(2014) "Blanket Toss ", NorthernGames.org. "The participant is expected to keep his or her balance and return upright – a particularly challenging feat if the participant does turns or flips while in the air." Henta 5. desember 2016. Med rytmisk draging stramar dei teppet slik at ein teppedansar, nalukataqtuaq, blir kasta opp i lufta."Whaling: A Way Of Life ", Akaskool.org. Henta 3. desember 2016. Teppekastinga er like effektiv som ein trampoline, og kastar dansaren rundt seks meter opp i lufta,Gates, Nancy (2006). The Alaska Almanac: Facts about Alaska, s. 30. Graphic Arts Center. . med 12 meter rekna som mogleg.Bragg, Beth (2002 ). "Blanket Toss More Than Spectacle ", TurtleTrack.org. Målet er som eit minimum å landa på føtene, og deretter å gjera dette så mange gonger som mogleg.Perrin, William F.; Wursig, Bernd; and Thewissen, J.G.M. 'Hans'; eds. (2009). Encyclopedia of Marine Mammals, s. 633. Academic. . Dansaren kan også utføra avanserte triks som spark og saltoar.Burch, Ernest S. (2006). Social Life in Northwest Alaska: The Structure of Iñupiaq Eskimo Nations, s. 355. University of Alaska. .
Einkvan kan kastast på teppet, men tradisjonelt er det kapteinane og konene deira som blir kasta fyrst. Opphavleg kasta dei ut varer, som bardar eller tobakk, klede, reiskapar eller mat som ein måte å demonstrera evna si til å støtta samfunnet på. I dag er det vanlegare for kapteinskoner å kasta godteri til barna frå lufta. Dette gjevingsritualet er også kjent som nalluġruq eller nullui. Teppekastinga er høgdepunktet på festivalen, og er også kjend som nalukataq. Ho kan vara i fleire timar. Teppekasting blir også vist fram for turistar, og er ei grein i World Eskimo Indian Olympics."Games ", WEIO.org (2007). Henta 4. desember 2016.Hirschfelder, Arlene B. and Paulette Fairbanks Molin (2012). The Extraordinary Book of Native American Lists, s. 430, 473. Scarecrow. .
mini|Opptreden av den største dansegruppa i Utqiaġvik.
Etter teppekastinga samlar alle seg til ein tradisjonell dans der alle er velkomne til å dansa. Beaten blir laga av fleire menn og gutar som speler trommer. Desse blei tradisjonelt laga av skinnet i leveren eller lungene til ein kval, men i dag kan dei også vera laga av syntetiske material. Mennene syng også songar (nalukataun)Koranda (1983), s. 358. "A wide ascending interval in a blanket toss song," is one of the few instances of programmatic music in Eskimo songs. til dansane. Kvelden blir avslutta med ei ny bøn.
I tillegg til dansar der alle deltar, blir det vanlegvis framført dansar av den organiserte dansegruppa for den lokale landsbyen. Dei syng tradisjonelle songar og framfører det som eigentlig er eit «sceneshow» for alle. Dei beste seta på fyrste rad er alltid forbehaldne for dei eldre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nalukataq» frå , den 9. oktober 2022.
Kategori:Inuittkultur Kategori:Kultur i Alaska Kategori:Vårfestar Kategori:Matfestivalar Kategori:Inuittiske ord og uttrykk