Elias Gustaf Adolf Wessén () var ein svensk språkforskar. Han var medlem av Svenska Akademien frå 1947 og fram til han døydde (stol nummer 16).

Wessén var professor i nordiske språk ved Stockholms högskola frå 1928 til 1947 og tok initiativ til danninga av Svenska språknämnden i 1944. Den etymologiske ordboka Våra ord, deras uttal och ursprung (1961) blir rekna som ein klassikar. Han skreiv òg trebandsverket Svensk språkhistoria, ein konsis Isländsk grammatik og svenske grammatikkar berekna på dansk- og norskspråklige.

I tillegg til medlemskapet sitt i Svenska Akademien, var han medlem av Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien. Han vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1956.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elias Wessén» frå , den 16. oktober 2022.

Kategori:Æresdoktorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av Svenska Akademien Kategori:Svenske professorar Kategori:Svenske språkforskarar