Arpad Šterbik () er ein handballspelar frå Senta i Vojvodina i Serbia. I si tid som aktiv representerte han etter tur Jugoslavia, Serbia og frå 2008 Spania. Han er av ungarsk ætt. Šterbik vart verdsmeister 2013 og europameister 2018 med Spania sitt landslag, i tillegg fekk han EM-sølv 2016 og VM-bronse 2011 med det same landslaget, tidlegare var han med om å vinne to VM-bronser for Jugoslavia, høvesvis i 1999 og 2001.
Šterbik, som var målvakt, var med på fire triumfar i EHF-meisterligaen. Dei tre fyrste, 2006, 2008 og 2009 kom med spanske Ciudad Real, den siste i 2017 med makedonske Vardar. I 2001 vann han EHF-europacupen for jugoslaviske RK Jugović.
Šterbik, som i 2005 vart kåra til årets handballspelar i verda, la opp i 2020.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Arpad Sterbik» frå , den 19. oktober 2022.
Kategori:Spanske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Serbisk-montenegrinske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012