Sophie Dorothea Fosså () er ein norsk kreftforskar, kjend for forskinga si på testikkel- og prostatakreft og dessutan seineffektar av kreftbehandling.

Etter M.D. frå universitetet i Münster i 1964 vart ho dr.med. 1977 ved Universitetet i Oslo for avhandlinga DNA-absorption cytophotmetry in bladder cancer.

Ho har sidan 1968 stort sett vore knytt til Radiumhospitalet, der ho vart leiar av Enhet for langtidsstudier. Frå 1993 har ho vore professor II i klinisk onkologi ved UiO. Frå 2005 har ho leidd Nasjonalt kompetansesenter for seineffektar etter kreft. Ho pensjonerte seg i 2011.

Ho har publisert 750 vitskaplege artiklar innanfor feltet onkologi og har vore rettleier for meir enn 30 doktorgradskandidatar. Ho er æresmedlem i Norsk Urologisk Forening.80 års omtale i Aftenposten 12. juli 2021

Prisar og utmerkingar

Kong Olav Vs Kreftforskningspris 1997 St. Olavs Orden 2000 for sin samfunnsinnsats. European Academy of Cancer Sciences, med på å stifte det i 2009 Honourary Fellow ved Royal College of Radiologists

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sophie D. Fosså» frå , den 27. oktober 2022.

Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske medisinprofessorar Kategori:Norske legar