Ana Đurić ( som Ignjatović), kjend under artistnamnet Konstrakta (serbisk-kyrillisk Констракта), er ein serbisk songar og låtskrivar. Ho solodebuterte musikalsk i 2019 med singelen «Žvake». Tre år etter vann ho songtevlinga Pesma za Evroviziju med songen «In corpore sano». Ho representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino med same song.
Bakgrunn Đurić vart fødd i Beograd i dåverande Jugoslavia, no i Serbia. Ho har drive med musikk sidan ungdomstida og tok artistnamnet Konstrakta som 20-åring då ho studerte arkitektur. Namnet er basert på engelske ordet construct (norsk 'setje saman, byggje'), fordi ho likte å setje saman rytme og musikk på ein nærast matematisk måte.
Konstrakta opptredde regelmessig med den serbiske musikkgruppa Mistakemistake, og i 2007 var ho med på å skipe bandet Zemlja Gruva. Bandet oppnådde stor suksess dei påfølgjande åra i Serbia, gjennom studioalbum som WTF Is Gruvlend? (2010) og Šta stvarno želiš? (2016).</ref>
Fyrst som 41-åring, i 2019, solodebuterte Konstrakta med singelen «Žvake», etterfølgd av «Neam šamana» året etter. I 2022 var ho ein av 36 artistar til å delta i den serbiske songtevlinga Pesma za Evroviziju, der vinnaren fekk representere Serbia i Eurovision Song Contest. Ho deltok med songen «In corpore sano» og vann både jury- og sjåaravrøystinga i finalen laurdag 5. mars 2022. Som vinnar var ho den serbiske representanten i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. I finalen 14. mai kom ho på ein femteplass, som var det beste resultatet til Serbia sidan 2012, då Željko Joksimović enda på tredjeplass.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Konstrakta» frå , den 1. november 2022.
Kategori:Serbiske songarar Kategori:Serbiske musikarar Kategori:Serbiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar