Andrea Koevska (), best kjend under artistnamnet Andrea, er ein makedonsk popsongar. Ho representerte Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Circles».

Bakgrunn Koevska vart fødd i den makedonske hovudstaden Skopje i 2000. Mora er fysikar og faren er jusprofessor. Då ho var fem år, flytta familien til Harlem i New York og budde der i eitt år. I Harlem vart ho introdusert for musikksjangrar som gospel, soul, jazz og rhythm and blues, noko som gjorde at ho fatta interesse for musikk og song.

Musikkarrieren til Koevska starta ved eit tilfeldig omstende, då ho for moro skuld la ut korte videoar på Instagram der ho laga og song makedonskspråklege versjonar av kjente pop- og rockesongar. Musikkprodusenten Aleksandar Masevski kom over kontoen hennar og inviterte ho til studioet sitt og til eit profesjonelt samarbeid. Han motiverte ho også til å studere ved Musikkfakultetet i Skopje, i avdeling for solosong innan populære sjangrar.

I samråd med Masevski byrja Koevska å syngje utelukkande på engelsk for å kunne nå eit internasjonalt publikum. Debutsingelen «I Know» vart utgjeve 23. oktober 2020 og har sidan blitt spelt på over hundre radiostasjonar i ei rekkje land – inkludert Noreg. Vinteren 2021 deltok ho i «Fame's» i samarbeid med komponisten Bete Ilin, dirigenten Oleg Kondratenko og videoprodusenten Vladimir Mitrevski Gule. Der laga dei ei orkesterframsyning med songane hennar, framført av Macedonian Symphony Orchestra.

I februar 2022 deltok Koevska i den makedonske nasjonale finalen Za Evrosong 2022, der vinnaren fekk representere Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Ho deltok med låten «Circles» og vann finalen med 20 poeng. Juryen hadde ho som favoritt, mens ho vart nummer tre i internettavrøystinga. 12. mai deltok ho i den andre semifinalen, der ho enda på ein ellevteplass, éin plass unna å kvalifisere seg til finalen.

Diskografi Singlar 2020 – «I Know» 2020 – «I Don't Know Your Name» 2021 – «Talk to Me» 2021 – «Choose My Way» 2021 – «Heartbreak» 2021 – «Bettin on You» 2022 – «Circles»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andrea Koevska» frå , den 26. juli 2022.

Kategori:Makedonske songarar Kategori:Makedonske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Makedonske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar