Qikiqtaaluk (inuktitut Qikiqtani, ᕿᑭᖅᑖᓗᒃ) eller Baffin Region er ein av dei tre administrative regionane i Nunavut i Canada. Han er både den austlegaste nordelgaste og sørlegaste regionen i Nunavut. Med eit folketal på og eit areal på km² er han den største og den folkerikaste av dei tre regionane. Qikiqtaaluk er større enn dei fleste land i verda, berre 27 land er større.
Qikiqtaaluk er det tradisjonelle inuktitutnamnet på Baffinøya.IHT’s Nunavut Map Series Sjølv om Qikiqtaaluk Region er mest brukt som namn i offisielle samanhengar, føretrekk fleire institusjonar, som Statistics Canada, det eldre namnet Baffin Region.
Regionen omfattar Baffinøya, Belcherøyane, Akimiskiøya, Manseløya, Prince Charles-øya, Bylotøya, Devonøya, Baillie-Hamiltonøya, Cornwallisøya, Bathurstøya, Amund Ringnes-øya, Ellef Ringnes-øya, Axel Heiberg-øya, Ellesmereøya, Melvillehalvøya, austdelen av Melvilleøya og norddelane av både Prince of Wales-øya og Somersetøya, i tillegg til mindre øya imellom. Regionsenteret og den administrative hovdustaden er Iqaluit, med innbyggjarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Qikiqtaaluk Region» frå , den 7. november 2022.
Kategori:Nunavut