Lisa-Marie Karlseng Utland () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Mo i Rana i Nordland.
Ho har spela for fleire klubbar i den norske Toppserien, i tillegg til å ha spela i utlandet for svenske FC Rosengård og engelske Reading FC. Karlseng Utland spela spiss og fekk 65 kampar for det norske A-landslaget, og scora 26 mål.
Klubbkarriere Både Lisa-Marie og tvillingsystera Marlene utmerka seg tidleg som talentfulle fotballspelarar. Allereie som 14-åringar fekk dei dispensasjon til å spele seniorfotball for Bossmo & Ytteren i 2. divisjon i 2007. Trass i for at dei var yngst på laget dominerte dei to tvillingsystrene og tiltrekte seg raskt merksemd frå større klubbar. I 2009 vart både Lisa-Marie og Marlene tekne ut i U17-landslagstroppen til U17-EM i Sveits.
Fløya (2009–2011) Sommaren 2009 gjekk både Lisa-Marie og Marlene til Fløya i Toppserien og startet samtidig på NTG. Med Fløya var ho med å vinne Dana Cup både i 2009 og 2011. Fløya rykka ned frå Toppserien i 2010. I 1. divisjon 2011 vart Lisa-Marie toppskårar med 22 mål. Etter at Fløya ikkje klarte å rykkje opp i 2011, valde Karlseng Utland å forlate klubben og søkje nye utfordringar.
Amazon Grimstad (2012) Før 2012-sesongen var Karlseng Utland ønskt av fleire av klubbane i Toppserien. I januar signerte ho for Amazon Grimstad. Ho vart lagets toppskårar med sju mål i ein sesong der Amazon sleit i botnen av tabellen.
Trondheims-Ørn (2013–2016) I desember 2012 vart det kjent at Karlseng Utland hadde signert for Trondheims-Ørn etter bare eitt år i Amazon. I sin fyrste sesong i Trondheims-Ørn enda laget på 7. plass, og Karlseng Utland vart lagets toppskårar med sju mål. I 2014 vurderte ho å gje seg med fotball. Ho var lei fotball og sliten av å måtte kombinere det å jobbe ved sida av å spele fotball, og at ho difor ikkje fekk ut potensialet sitt på fotballbanen. Men utover hausten byrja måla og kome og Trondheims-Ørn spela seg til cupfinale; det gav meirsmak og Karlseng Utland bestemte seg for å fortsetje som fotballspelar. I cupfinalen 2014 sende ho Trondheims-Ørn i leiinga mot LSK Kvinner, men det enda med 1–3 tap. Etter fire sesongar i Trondheims-Ørn forlot ho klubben etter 2016-sesongen.
Røa (2017) I november 2016 vart det kjent at Karlseng Utland hadde signert for Røa. Alleride før 2017-sesongen vart ho av fleire tippa som toppskårar i Toppserien, og ho skulle syne seg tilliten verdig. Røa enda på 5. plass, men Karlseng Utland bøtta inn mål og enda med 17 mål på 21 kampar i Toppserien. Ho måtte sjå seg slegen med eitt mål av tidlegare lagvenninne Guro Reiten i kampen om toppskårartittelen.
Rosengård (2018-2019) Etter ein kjempesesong i Røa signerte Karlseng Utland i november 2017 for det svenske topplaget FC Rosengård. I 2018 var ho med å slå Linköpings FC i den svenske cupfinalen og hun tok dimed sin fyrste tittel som seniorspelar. I 2018 spela ho Champions League med klubben og jaga seriegullet i Sverige, men det enda med sølv i Damallsvenskan for FC Rosengård. I 2019 scora ho 9 mål på 14 kampar for klubben før hun forlot klubben på hausten. Etter at ho forlot klubben vart dei seriemeister i Damallsvenskan.
Reading (2019-2020) I september 2019 vart det kjent at Karlseng Utland hadde signert for engelske Reading i Women’s Super League. Der vart ho lagvenninne med dei norske spelarane Amalie Eikeland og Kristine Bjørdal Leine. Det vart begrensa med speletid i den engelske klubben, og ho forlot klubben med eitt år igjen av kontrakten.
Rosenborg (2020-2021) I juni 2020 vart det kjent at Karlseng Utland returnerte til Trondheim og sidan sist hadde Trondheims-Ørn vorte til Rosenborg. Ho hadde tilbod frå flere klubbar, men valet fall på Rosenborg der ho vart den andre heilprofesjonelle spelaren i historia til klubben. I 2020-sesongen vart ho brukt mykje på kant og enda med 6 mål på 18 kampar i serien; sesongen enda med ein overraskande sølvmedalje i Toppserien og laget gjekk ubeseira gjennom sesongen. I 2021 fekk ho igjen spele i sin favorittposisjon som spiss og leverte 11 mål på 18 kampar; ho hamna på ein delt andreplass på toppskårarlista i Toppserien.
I desember 2021 kom den overraskande nyheita om at Karlseng Utland ikkje fekk forlengje kontrakten med Rosenborg og difor hadde bestemt seg for å leggje opp. Ho uttala at ho var skuffa over korleis Rosenborg hadde handtert situasjonen. Ho hadde fått beskjeden om at ho ikkje fekk fornya kontrakt veldig seint, og dimed var det vanskelegare om ho skulle funne seg ein ny klubb. Ho hadde også bestemt seg då ho kom tilbake til Trondheim og Rosenborg at ho følte seg heime der og difor ikkje ville flytte meir. Dimed la ho fotballskoene på hylla i ein alder av 29 år.
Landslagskarriere Karlseng Utland fekk landskampar for J16, J17, J19, U20, U23 og det norske A-landslaget.
I 2009 vart både Lisa-Marie og tvillingsystera Marlene tekne ut i U17-landslagstroppen til U17-EM i Sveits. Laget tok seg til bronsefinale, der Lisa-Marie byrja kampen. Norge enda til slutt på 4. plass i meisterskapen.
Karlseng Utland vart teken ut på A-landslaget for fyrste gang i mars 2015; berre månader tidlegare hadde ho vurdert å gje seg med fotball. I mai same år vart ho teken ut i troppen til VM i Canada 2015, på dette tidspunktet hadde hun enda ikke debutert for A-landslaget.
23. mai 2015 fekk Karlseng Utland debuten på A-landslaget mot Belgia. Ho fekk sin fyrste A-landskamp frå start i den tredje kampen til Noreg i gruppespelet under VM i Canada 2015 mot Elfenbeinskysten.
Karlseng Utland scora sitt fyrste mål for A-landslaget 22. januar 2016 i 6–0-sigeren over Romania på La Manga.
Karlseng Utland var også i den norske troppen til EM i Nederland 2017 og VM i Frankrike 2019.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lisa-Marie Karlseng Utland» frå , den 10. november 2022.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Rana