Frå 21.-23. juni 1957 vart det arrangert landskappleik for fyrste gong i Valdres. Øystre Slidre spelemannslag var tilskiparar. Stemna tok til med årsmøte i Landslaget for spelemenn fredag 21. juni, spelklassar laurdagen og dansetevling sundagen. Avisa Valdres fortel:Vi hadde sett fram til landskappleiken i musikk og folkedans her på Fagernes med store forventningar, og vart ikkje på nokon måte skuffa. Tilstrøyminga både av deltakarar og publikum vart noko utanom det vanlege. Alt fredags kvelden byrja innrykket og held fram til utpå kveldsida laurdag. Alle hotella vart overfylte, og dei som hadde teke på seg å stille private rom til rådvelde, måtte ofte skaffe plass til dobbelt så mange som det var påtinga til. Likevel gjekk innkvartinga fint, og vi høyrde ikkje om meir enn to stykke som måtte gå ute natt til laurdag, og det kom seg av ein teknisk feil.
Det som skuffa alle denne gongen var veret. Surt og kaldt med stadige regnskurer gjorde det utriveleg utandørs og programmet vart vanskelegare å avvikle. Øystre Slidre spelmannslag, som stod for tilskipinga av landskappleiken, hadde rekna med å kunne nytte Valdres Folkemuseum som stemneplass, og hadde difor lagt ned eit stort arbeid med å setja alt i stand til å ta imot storinnrykket. Men med regnet måtte planane kullkastast i siste liten, og kappleiken leggjast til Folkvang. Der var det sjølvsagt stuvande fullt og så trongt at det var umogleg å få rørt seg. Likevel vart salen altfor liten og mange kom ikkje inn. Litt mistyding om stemneplassen var det og første dagen, men alt jenga seg til det beste. Ute i "byen" var det eit yrande liv mellom regnskurene, og aldri har Fagernes blitt vitja av så mange bunadskledde folk som ved dette høve. Dei fargerike nasjonaldraktene og bygdebunadane frå heile det sønnandfjelske Noreg vekte beundring og liva opp alle stader kappleikarane synte seg. Og utover kveldane var det felelæte frå annankvart hus over heile Fagernes. Vi kan difor med sanning seia at staden stod i folkemusikkens teikn ved denne helga.
Dommarar
Musikk Erik Ringheim, Voss
Lars Jyserud, Telemark
K. Ø. Rudi, Øystre Slidre
Erling Kjøk, Lom
Dans Anbros Engravslia
Gullik Kirkevoll
Rasmus Skistad
Kritikk På denne tida føregjekk kappleiken i løpet av ei helg, og her var det mykje som skulle inn på programmet. På Fagernes i 1957 til dømes var det årsmøte i LfS på fredagen, sjølve tevlingane var på laurdagen med fest på kvelden og på sundagen skulle det vera friluftsmesse før det var tevling i folkedans, og til slutt konsertprogram og premieutdeling på sundagskvelden. Programsekretær Myklebust fortel at spelemennene i klasse A fyrst slapp til ved midnattstider etter å ha venta heile dagen. «Men dei hadde evna til konsentrasjon, og trøyttleiken var som stroken bort når dei slapp til for å spela». Arne Bjørndal vart intervjua i Folkemusikkhalvtimen i kjølvatnet av Landskappleiken på Fagernes i 1957. Programsekretær Rolf Myklebust spør han om kva han synest om ein slik kappleik der det har vore så mange deltakarar:Nei, eg synest det ber gale i veg slik. (…). Eg meiner det at ein må koma dit at dei lokale spelemannslag tek ut dei spelemenn som dei meiner kan representere laget på ein landskappleik. Dei må koma so langt, for no sprenger det råma fullt og heiltFolkemusikkhalvtimen 30. juni 1957
Resultat
Lur og bukkehorn +PremiegradUtøvarMerknad1Olav SnortheimSamla premie for lur, bukkehorn, munnharpe og langeleik. I alt fire nummer).
Munnharpe +PremiegradUtøvarBustad1Olav Snortheim1Gullik KirkevollOslo1Olav R. ØygardHamar1Andris A. DahleØystre Slidre2Erik RøineOslo2Knut J. MyhreHøre2Arvid J. MyhreHøre
Langeleik +PremiegradUtøvarBustad1Olav Snortheim2Guri HeggeØystre Slidre2Synnøve HeggeØystre Slidre2Guri Marie HeggeØystre Slidre2Arne RøineOslo2Barbro MyhreSki2Gudbrand DahleBakkebø, Øystre Slidre
Samspel på flatfele +PremiegradLagMerknad1Lom spelemannslagPremierekkja på desse to laga er oppsett alfabetisk1Vågå spelemannslag
Samspel på hardingfele +PremiegradLag2Bøheringen2Laget for folkemusikk
Flatfele, over 60 år +PremiegradUtøvarBustad1Sigurd EggenLom2Syver GarmoLom
Hardingfele, over 60 år +UtøvarBustadMerknadOla G. OkshovdØystre SlidreEkstrapremie
Klasse under 20 år Hardingfele +PremiegradUtøvarBustad1Gunnar InnleggenBø2Magne MyhrenVoss3Jan MartinsenOslo3Odd StaursethMolde
Klasse under 20 år. Flatfele. +PremiegradUtøvarBustad1Amund BjørgenLom2Bjørn OddeLom
Klasse A. Flatfele. +PremiegradUtøvarBustad1Hans W. BrimiLom1Petter EideVågå2Pål SkogumBegnadalen
Klasse A. Hardingfele. +PremiegradUtøvarBustadPoengsum1Torleiv BolstadOslo3821Kjetil LøndalOslo3821Jens AmundsenBø3681Ola BøeOslo3621Einar LøndalTuddal3561Bjarne HerrefossBø3302Nils StubberudSigdal2872Jon FylkenGol2872Olav ØyråkerOslo2872Halvor KlonteigModum2822Bernt Balchen jr.Oslo2812Kristian ØvrevollseieHol2762Steingrim HaukjemNumedal2762Olav VestenforHol263
Klasse B. Hardingfele +PremiegradUtøvarBustad1Halvard SørsdalBergen1Alfred AmundsenBø1Ola GrihamarVang1Finn VabøBergen1Halvdan ØybergFlesberg1Ola Flåto2Ola LieØystre Slidre2Ola J. HaugenØystre Slidre2Andris DahleØystre Slidre2Harald FylkenVestre Slidre2Jørgen BøeVestre Slidre2Ingolf Vindheim2Knut TrøenOslo2Daniel JordalOdda2Kåre KlevenKrødsherad3Gullik KirkevollOslo3Nils FurnesBergen3Martin Opheim3Sigurd RobøleØystre Slidre3Trond HedalenØystre Slidre3Kjell EvjuNumedal
Klasse B. Vanleg fele +PremiegradUtøvarBustad1Borgny EideVågå1Hans H. HolenVågå1Johannes LangøygardLom1Jens Synes1Ola EideVågå2P. K. StaursethMolde2Paul SlettenVågå2Gunnvald VenåsVikersund2Mathias BakkenLom2Knut OlderløkkenVågå3O. R. Øygard
Fyrstepremievinnarar frå dansetevlinga Dette er berre ei oversikt over fyrstepremievinnarar, og rekkjefylgja er tilfeldig.
Dans klasse B Ivar Vindegard med fylgje, Ål. Hallingdalsspringar.
Olav og Borghild Bakken, Numedal. Numedalsspringar.
Georg Nyborg og Reidun Selensminde, Bergen. Vestlandsspringar.
Rolf Landøy og Else Larsen, Bergen. Vestlandsspringar.
Dans klasse A
Numedal Sigmund Teigen og Dagny Dalen, Numedal
H. Dokken og Astri Sandbekk, Numedal
Kjell Sandbekk og Gudveig Ragnås, Numedal
Setesdal Halv. Flateland og Aud Nomeland, Oslo.
Søren Nomeland og Aud Nomeland, Oslo.
Valdres Olav Øraker og Gerd Dale, Oslo
Torleiv og Kjellaug Bolstad, Oslo.
Knut og Berit Steinsrud, Øystre Slidre
Hallingdal Knut Buset og Helga Tuft, Ål
Lars Vangen med fylgje, Ål
Hans og Margit Lien, Gol.
Telemark Olav Haugen og Ragnhild Vassbotn, Fjellrosa.
Hans Innleggen med fylgje.
Knut Sugarden og Helga Herbjørnsen, Fjellrosa.
Ottar Halstensrud og Birgit Hestgard, Fjellrosa.
Eivind Loftsgarden og Borghild Vestby, Oslo
Vestlandet Torkill Bjørkheim og Ellen Yllø, Bergen
Olav Seltun med kone, Sogn
Hallingdans Knut Buset, Ål
Lars Vangen, Ål
Kjelder
Kategori:Landskappleikar