Cecilie Hauståker Fiskerstrand () er ein norsk fotballspelar som er keeper for LSK Kvinner og det norske landslaget.

På ei trening 11. mai 2022 rauk Fiskerstrand korsbandet, noko som førte til at ho var ute resten av 2022-sesongen og mista EM i England sommaren 2022.

Karriere Fiskerstrand byrja sin karriere i Langevåg. Der spela ho og trena med gutar for best mogleg matching. Ho trente etterkvart med herrelaget til Langevåg og spela kampar med gutar på aldersbestemt nivå.

Før 2014-sesongen gjekk Fiskerstrand til 1. divisjonsklubben Fortuna Ålesund. Ho hadde trena jamlig med klubben over fleire år før ho signerte for dei. Etter eit halvt år i Fortuna gjekk hun til Stabæk i Toppserien.

Etter å ha vore andrekeeper i Stabæk, bak landslagskeeper Ingrid Hjelmseth, valde Fiskerstrand å ikkje signere ny kontrakt med klubben då den gjekk ut i 2015. Ho gjekk deretter til LSK Kvinner før 2016-sesongen.

Også i LSK Kvinner vart Fiskerstrand andrekeeper i sin fyrste sesong, før ho i 2017 vart satsa på som førstekeeper. Ho var med å vinne Toppserien med LSK fire år på rad frå 2016 til 2019.

I januar 2020 vart det kjent at Fiskerstrand hadde signert for Brighton i den engelske toppdivisjonen.

Etter å ha fått lite speletid i Brighton vende Fiskerstrand heim til Noreg og LSK Kvinner i juni 2021.

Landslagskarriere Fiskerstrand har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

Fiskerstrand vart teken ut til det norske A-landslaget for fyrste gong som 17-åring til samlinga i januar 2014. Debuten kom 17. januar 2014 mot England i ein kamp som enda 1–1 i La Manga i Spania. Som den yngste spelaren på laget vart ho teken ut i troppen til VM i Canada 2015.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cecilie Fiskerstrand» frå , den 17. november 2022.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Lørenskog