Knud Johan Victor Rasmussen () var ein grønlandsk/dansk polarforskar som utforska Grønland på talrike ekspedisjonar.

Liv mini|Fødestaden til Knud Rasmussen i Ilulissat Knud Rasmussen var fødd i Jakobshavn, det noverande Ilulissat, på Grønland. Faren var misjonæren Christian Rasmussen, som budde og verka som prest og lærar i byen i over 20 år. Mora var Sofie Lovise Susanne Fleischer, og hennar mor att av inuitt. Mormora hans, som heitte Itaraluk, var enke og budde saman med dei. Det var ikkje mange danskar i kolonien på denne tida, og Knud Rasmussen, som blei kalla Kunuunnguaq av grønlendarane, elska å sitja og høyra på dei mange gamle sogene som blei fortalde. Frå han var liten var Knud fortruleg med hundesleder, noko som seinare skulle få stor tyding for det seinare virket hans. Han blei derimot ikkje trygg på kajakken, fordi far hans ikkje vilja gje han ein kajakk som seksåring, som dei andre grønlandske barna fekk. Det første skuleåret sitt tok han i Ilulissat, men i 1891 kom han som 12-åring til Danmark, der han skulle gå på kostskule. Fem år seinare kom resten av familien òg til Danmark, då faren av helsemessige grunnar ikkje lenger kunne ha stillinga i Jakobshavn. Faren fekk ei stilling som sokneprest i Lynge i Nordsjælland, der familien igjen kunne samlast i ein prestegard. Knud Rasmussen var ikkje særs bokleg innretta, men klarte ta studenteksamen i 1900. Livet hans blei endra då han blei tilsett som journalist av Kristeligt Dagblad, og fekk i oppdrag å dekka ein islandsekspedisjon. Her møtte han forfattaren og polarforskaren Ludvig Mylius-Erichsen, som delte Rasmussen si interesse for Grønland.

Den litterære Grønlandsekspedition mini|venstre|Moltke, Mylius-Erichsen og Rasmussen fotografert i 1902-04.

Rasmussen og Mylius-Erichsen slo seg saman med kunstnaren grev Harald Moltke og læraren Jørgen Brønlund, og dei fire utførte i åra 1902-04 Den litterære Grønlandsekspedition. Ekspedisjonen gjekk langs den grønlandske nordvestkysten frå Upernavik til Kapp York i nærleiken av Thule. Det var ein vanskeleg tur, ikkje minst fordi Moltke blei sjuk undervegs.

Ekteskap I ein periode hadde Alfred Bertelsen, som var lege i Uummannaq-distriktet, tilsett Dagmar Andersen til å føra hus for seg. Gjennom vennskapen sin frå ungdomsåra med Knud Rasmussen hadde Dagmar Andersen fatta interesse for livet og arbeidet hans. Ho hadde hjelpt han som frivillig sekretær med dei første bøkene hans, og sansen hennar for stil og den innbyrdes vekta til ord hadde truleg stor tyding for Knud Rasmussen som skribent. Ho fekk lyst til å sjå landet der Knud Rasmussen høyrde heime, og fekk seg derfor ei stilling hjå Bertelsen. Vinteren 1905-1906 oppheldt Knud Rasmussen seg i Uummannaq-distriktet, truleg på grunn av Dagmar Andersen, men òg for å omsetja gamle grønlandske soger.Nakorsak aappalaartoq – lægen Alfred Bertelsen af Henrik Permin & René Birger Christensen(1996) – Tidskriftet Grønland

Under ein seglas frå Uummannaq til Danmark hadde Dagmar Andersen møtt ingeniøren Marius Nyeboe. Ho sette han og Rasmussen i kontakt, og hjelpte dermed Knud Rasmussen til å skaffa middel til å starta Thule-stasjonen.Ingeniør M. Ib Nyeboe, Industripionér i Grønlands undergrund – Karsten Secher og Jørgen Burchardt(2000) – Tidskriftet Grønland I 1908 gifta han seg med Dagmar Andersen. Dei fekk tre barn samen.

Thuleekspedisjonane mini|Knud Rasmussen i 1932, under innspelinga av den tysk-amerikanske filmen S.O.S. Iceberg

Seinare vende Rasmussen tilbake til Thule. I 1910 oppretta han Thule-stasjonen, som kom til å fungera som misjonsstasjon og handelsplass, og som blei utgangspunktet for sju Thuleekspedisjonar. Bygningen blei flytta til Qaanaaq i 1986, og fungerer i dag som Thule-Museet.

1912: Over innlandsisen på hundeslede til Danmark Fjord. 1916-18: Langs Polarhavet til Independence Fjord. 1919: Grant Land (den nordlegaste del av Ellesmere Land i Canada) – utan Knud Rasmussen. 1919: Angmagssalik på Aust-Grønland. 1921-25: Frå Grønland til kysten av Sibir på tvers av Arktisk Nord-Amerika. Han skildra mange inuittgrupper undervegs, og førte tilbake ei rekkje gjenstandar til Nationalmuseet i København. 1931: Julianehåb til Angmagssalik på Aust-Grønland. 1932-33: Kapp Farvel til Scoresbysund på Aust-Grønland.

Død Knud Rasmussen fekk ein mageinfeksjon under den siste ekspedisjonen. Han blei fyrst teken til Julianehåb og derfrå til Danmark, der han blei lagt inn ved Gentofte Hospital. Han kom seg endå ikkje over sjukdommen, men døydde etter nokre månader, då han òg hadde utvikla lungebetennelse. Han nådde aldri å sjå premieren på filmen sin Palos brudefærd, som var filma på Aust-Grønland.

Tyding og ettermæle mini|Knud Rasmussen og etnografen Kaj Birket-Smith i innsamla inuittdrakter kring 1921, frå den femte Thule-ekspedisjonen. Rasmussen var Riddar av Dannebrog og Dannebrogsmand. Dei mange ekspedisjonane gav stor vitskapeleg avkasting, ikkje berre frå Rasmussen si eiga hand gjennom skriftene hans og dei innsamla gjenstandane, men òg frå fleire andre vitskapelege deltakarar som var med han. Han blei utnemnd til æresdoktor ved Københavns Universitet og University of St Andrews i Skotland etter den femte Thuleekspedisjonen.Statue af kendt polarforsker udsat for hærværk - overhældt med rød maling | TV 2 Lorry hentet 21. oktober 2020arkiv.dk | Knud Rasmussen, æresdoktor, efter 5. Thule Ekspedition, ved University of St. Andrews, Edinburgh Skotland. hentet 21. oktober 2020Knud Rasmussen | Nordjyske.dk hentet 21. oktober 2020

Også folkeleg hadde han stor tyding, og blei etterkvart nærast ein folkehelt. Samstundes blei Danmark sterkt etablert som polarforskarnasjon gjennom han. Innsatsen til Rasmussen var ei av årsakene til at Aust-Grønland gjekk til Danmark ved Den Internasjonale Domstolen i Haag i 1933 som avslutting på konflikten med Noreg om området.

I dag er Knud Rasmussens Hus i Hundested museum. Huset blei bygd i 1917 som hans arbeidslokale.

I 2004 blei Knud Rasmussen Selskapet oppretta. Det er ei foreining som tek for seg livet og virket til Knud Rasmussen. Selskapet har ein nettstad og gjev ut eit medlemsblad, Slædesporet, med eit opplag på 300 (november 2009, 6. årgang).Knud Rasmussen Selskabet

I 2008 blei Knud Rasmussen-klassen, ein ny skipsklasse i det danske Søværnet som var designa for arktiske tilhøve, kalla opp etter Knud Rasmussen.

I 2012 gav det danske bandet The Minds of 99 ut mini-EP-en Det er Knud som er død. Tittelsongen, som òg blei den fyrste singelen på debutplata deira, vart i februar 2014 teken med på P3s Uundgåelige. Haner basert på Tom Kristensen sitt nekrologdikt til Knud Rasmussen. Diktet blei opphavleg gjeve ut i Politiken 22. desember 1933, dagen etter at Knud Rasmussen døydde. Dette diktet var med i Kulturkanonen frå Kulturministeriet frå 2006.

Film Knud Rasmussen skreiv manuskriptet til filmen Palos brudefærd frå 1934.

Bibliografi

Nye mennesker (1905). Tegninger af Harald Moltke Under Nordenvindens Svøbe (1906) Lapland (1907). Tegninger af Alexander Langlet og Harald Moltke Min Rejsedagbog – Skildringer fra den 1. Thule-ekspedition (1915) Foran dagens øje – Liv i Grønland (1915) Grønland langs Polhavet. Udforskningen af Grønland fra Melvillebugten til Kap Morris Jessup. Skildringer fra den 2. Thule-ekspedition, 1916-18 (1919) Myter og Sagn fra Grønland 1-3. 1: Østgrønlændere (1921). 2: Vestgrønland (1924). 3: Kap York-distriktet og Nordgrønland (1925) Fra Grønland til Stillehavet. Rejser og mennesker fra 5. Thule-ekspedition, 1921-24 (1925) Festens gaver. Eskimoiske Alaska eventyr (1929). Med tegninger af Ernst Hansen Report of the fifth Thule expedition 1921-24. The danish expedition to Arctic North America in charge of Knud Rasmussen. Vol VII-IX. (1929-32) Snehyttens sange (1930) Den store slæderejse (1932)

På internettet

Biografi af Knud Rasmussen på inuit.uqam.ca Knud Rasmussen: "Foreløbig Beretning om „Den første Thule-Ekspedition" 1912—13" (Geografisk Tidsskrift, Bind 22; 1913) Knud Rasmussen: "Om den II. Thuleekspedition over Indlandsisen til Adam Bierings Land og Fundet af Savik-Meteoren" (Geografisk Tidsskrift, Bind 22; 1913) Knud Rasmussen: "Den II. Thule-Ekspedition til Nord-Grønland" (Geografisk Tidsskrift, Bind 23; 1915) Knud Rasmussen: "Rejseberetning" (Geografisk Tidsskrift, Bind 24; 1918) Knud Rasmussen: "Eskimoernes Vandringsveje i Nordgrønland" (Geografisk Tidsskrift, Bind 24; 1918) Knud Rasmussen: "Foreløbig Beretning om Femte Thule-Ekspediton fra Grønland til Stillehavet II. Almindelig Oversigt og Folklore" (Geografisk Tidsskrift, Bind 28; 1925) Knud Rasmussen: "Eskimos and Stone-Age Peoples. A Suggestion of an International Investigation" (Geografisk Tidsskrift, Bind 32; 1929) Knud Rasmussen: "Den 6. Thule-Ekspedition. Til Grønlands Sydøstkyst" (Geografisk Tidsskrift, Bind 34; 1931) Knud Rasmussen: "South-East Greenland. The Seventh Thule Expedition 1932. From Cape Farewell to Umivik" (Geografisk Tidsskrift, Bind 36; 1933) Arktisk Institut

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Knud Rasmussen» frå , den 22. november 2022.

Kategori:Æresdoktorar ved Københavns Universitet Kategori:Danske sakprosaforfattarar Kategori:Danske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Polfararar Kategori:Grønlandske forfattarar