Andrew Qappik CM () er ein kanadisk inuittisk biletkunstnar, kjend for grafikk og for å ha utforma våpenskjoldet til Nunavut-territoriet.

Qappik er fødd i Nunataq i Nordvestterritoria, no i Nunavut, og busett i Pangnirtung i Nunavut. Onklane hans Solomon og Imoona Karpik var også kunstnarar, og oppmuntra han til å teikna.

Verka til Qappik viser både dyr og tradisjonell inuittisk kultur, som han har lært om frå eiga erfaring og soger frå bestefedrar og andre slektningar. Nokre av desse slektningane har også verka inn på den kunstnariske stilen til Qappik. Han føretrekk å framstilla realistiske eller naturalistiske scener frå arktisk liv og har ei instinktiv forståing for linjer, form og komposisjon, med bruk av lysare fargetonar med lite negativt rom.Thomson, Jane Sproull and Luke Ratzlaff "Andrew Qappik's Contemporary Arctic Visions", Inuit Art Quarterly 20 (2005): 10-16.

Qappik sine verk blir gjevne ut av Pangnirtung Print Shop, som er del av Uqqurmiut Centre for Arts & Crafts. Verka hans er blitt stilte ut ved fleire museum, mellom anna British Museum, National Gallery of Canada, Winnipeg Art Gallery, Canadian Museum of History og Dennos Museum Center.

Han blei utnemnd til Member of the Order of Canada i 2017 for bidraga sine til utforminga av våpenskjoldet til Nunavut og logoar for Government of Nunavut og Nunavut Tunngavik Incorporated.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andrew Qappik» frå , den 24. november 2022. oppgav desse kjeldene: Thomson, Jane Sproull and Luke Ratzlaff "Andrew Qappik's Contemporary Arctic Visions", Inuit Art Quarterly 20 (2005): 10-16.

Bakgrunnsstoff Andrew Qappik exhibition at the Pangnirtung Print Shop I Can Make Art ... Like Andrew Qappik, ein kort dokumentarfilm National Film Board of Canada frå 2005

Kategori:Kanadiske kunstnarar Kategori:Inuittiske kunstnarar Kategori:Folk frå Nunavut