June Anderson () er ein grammypris-vinnande amerikansk dramatisk koloraturasopran. Anderson blei fyrst kjend for bel canto-framføringar av Rossini, Donizetti og Bellini, og var den fyrste ikje-italienaren nokonsinne til å vinn den prestisjetunge Bellini d'Oro-prisen.June Anderson biography, Musicianguide.com; accessed February 2, 2018.

Seinare utvida ho repertoaret sitt til å ha med fleire andre roller, mellom anna frå det russiske repertoaret og verk av Richard Strauss. I 2008, blei Anderson utnemnd til Commandeur av Ordre des Arts et des Lettres av dei franske styresmaktene, og i 2007 tok ho imot ein Victoire d'honneur i Victoires de la musique classique i Paris.La cérémonie des Victoires "classiques" au rythme de la musique américaine, MSN Actualités , March 1, 2007.

Anderson har opptred i kjende operahus som La Scala, Covent Garden, La Fenice, Metropolitan Opera, San Francisco Opera, Lyric Opera of Chicago og Teatro Colón. Ho har samarbeidd med dirigentane Leonard Bernstein, James Levine, Charles Dutoit, Zubin Mehta, Riccardo Muti, Seiji Ozawa, Giuseppe Sinopoli, Kent Nagano og Michael Tilson Thomas.

Tidleg liv June Anderson var fødd i Boston i Massachusetts og voks opp i Wallingford i Connecticut. Ho var elev ved Lyman Hall High School, der ho blei rangert som nummer 5 av 505 avgangselevar i 1970. Ho byrja songstudiar då ho var 11, og då ho var 17 var ho den yngste finalisten (til då) ved Metropolitan Opera-auditionar.Walter Price, Music; A Soprano Who Feels She Can Say No, The New York Times, October 29, 1989.

Ho tok ein grad i fransk ved Yale University med cum laude.Walter Price, Music; A Soprano Who Feels She Can Say No, The New York Times, October 29, 1989. Etterpå valde ho å konsentrera seg om song. Anderson tok stemmestudiar under Robert Leonard i New York by.June Anderson biography, Musicianguide.com; accessed February 2, 2018. Ho hadde fleire auditionar, men fekk i fyrstninga ingen engasjement. Ho gav seg sjølv ein tidsfrist på to år, der ho ville byrja å studera juss om ho ikkje fekk suksess som songar. Ho hadde framleis eit sterkt ønske om å bli songar, og har sagt «I decided I was going to be a singer if it killed me!»Opera News, August 1986.

Karriere Anderson song i flere produksjonar i området rundt Yale/New Haven medan ho framleis var elev ved high school. I 1968 song ho i ei oppsetjing av L'infedeltà delusa av Haydn ved Yale University. I 1970 song ho rolla som Gilda ved New Haven Opera Company i ei oppsetjing av Rigoletto av Verdi.

Ho hadde den profesjonelle operadebuten sin som Nattens dronning iTryllefløyta av Mozart ved New York City Opera i 1978.J. Warrack and E. West, The Oxford Dictionary of Opera (1992). Fleire år seinare song ho denne rolla i den oscarvinnande filmen Amadeus regissert av Miloš Forman. I tida ved New York City Opera song ho i ei rekkje ulike operaer, som Den gylne hanen av Rimskij-Korsakov, Rigoletto og La Traviata av Verdi, Il barbiere di Siviglia av Rossini, Giulio Cesare av Handel og Don Giovanni av Mozart (som Elvira). I 1981 song ho dei tre hovud-sopranrollene i Les Contes d'Hoffmann av Jacques Offenbach, den fyrste sopranen til å gjera dette ved New York City Opera sidan Beverly Sills i 1973.Edward Rothstein, Review/Opera; June Anderson's 'Hoffman' Triple, The New York Times, March 9, 1981.

1980-talet Anderson forlet New York City Opera i 1982 og la ut på ein karriere i Europa.Walter Price, Music; A Soprano Who Feels She Can Say No, The New York Times, October 29, 1989. Dette tiåret var karrieren hennar markert av fleire debutar i typiske bel canto-roller i store europeiskeq operahus. Ho deltok også på innspelingar av operatiske verk som sjeldan blei høyrde på denne tida, som Mosè in Egitto av Rossini, Die Feen av Wagner, La jolie fille de Perth av Bizet, Le postillon de Lonjumeau av Adolphe Adam, La Juive av Fromental Halévy og La muette de Portici av Daniel Auber.

Etter å ha blitt anbefalt til ein italiensk agent av Sherrill Milnes,Walter Price, Music; A Soprano Who Feels She Can Say No, The New York Times, October 29, 1989. debuterte ho i Europa i 1982 i tittelrolla i Semiramide av Rossini i Roma. I 1983 debuterte Anderson i Firenze og Genève i tittelrolla i Lucia di Lammermoor av Donizetti, ei rolle som blei ein av dei hyppigaste opptredenane hennar. Ho song òg Die Feen av Wagner i München, og opptredde også i Nord-Amerika: I puritani av Bellini i Edmonton og Il barbiere di Siviglia i Seattle.

I 1984 opptredde ho for fyrste gong som Amina i La sonnambula av Vincenzo Bellini i Venezia. Oppsetjinga debuterte 135 år på dagen etter Maria Malibran si siste Amina i same teater.Walter Price, Music; A Soprano Who Feels She Can Say No, The New York Times, October 29, 1989. Ho opptredde også som Marie i La fille du régiment av Donizetti i Parma. I 1985 debuterte Anderson som Isabelle i den historiske gjenoppføringa av Robert le Diable av Meyerbeer i Paris.J. Warrack and E. West, The Oxford Dictionary of Opera (1992). Same året opptredde ho også i eit sjeldsynt verk av Verdi, La battaglia di Legnano, i Pittsburgh.

I 1986 opptredde ho for fyrste gong som Desdemona i Otello av Rossini i Venezia. Same året debuterte ho ved La Scala i Milano i La sonnambula, og ved Covent Garden i London i produksjonar av Semiramide og Lucia di Lammermoor. Ho opptredde også i La fille du régiment ved Opéra-Comique i Paris.

Anderson vende tilbake til Opéra-Comique i 1987, i rolla som Elvira i I Puritani, og opptredde ved Paris Opera med Alfredo Kraus. I Italia vende ho tilbake til La Scala for å debutera som Giuletta i I Capuleti e i Montecchi, og vende tilbake til Venezia for den fyrste opptredenen sin i Beatrice di Tenda av Bellini.

I 1988 opptredde Anderson også i ein konsertversjon av Beatrice di Tenda ved Carnegie Hall i lag med Opera Orchestra of New York.

Ellles i 1988 konsentrerte Anderson seg om Rossini-roller. Ho spelte si fyrste Armida i Aix-en-Provence, opptredde i Otello ved Pesaro-festivalen, og debuterte som Anna i Maometto II (ein tidleg versjon av Rossini sin Le siège de Corinthe) ved San Francisco Opera (ho hadde tidlegare spelt inn dette verket med Samuel Ramey i 1983). Ho opptredde også i Luisa Miller av Verdi ved Opéra National de Lyon. I 1989 hadde ho ein lenge venta debut ved Metropolitan Opera i New York som Gilda i Rigoletto i lag med Luciano Pavarotti. New York Times skreiv om Met-debuten hennar:Miss Anderson's debut as Gilda, although belated, could not have been more welcome. The Metropolitan is not rich in artists of this caliber. The tall soprano left America a decade ago to build a phenomenal European career, chiefly in the florid works of Bellini, Donizetti and Rossini. She demonstrated in a Caro nome of exquisite taste, effortless fluidity and pinpoint precision that she is a master of the bel canto style. She is comfortable above high C, but the lower ranges do not suffer in quality or power. The wide leaps of the Caro nome coda were taken effortlessly and squarely on the note. The Met audience does not often hear a trill as thrushlike and as precise as Miss Anderson's, nor a soprano who can soar as grandly over the ensemble in the quartet.Donal Henahan, Review/Opera; Review/Opera; Pavarotti and Vocalism Star in Met's 'Rigoletto', The New York Times, November 6, 1989.I juli 1989 song ho ved opningsgallaen til den nye Opéra Bastille i Paris, der ho framførte Ombre légère frå Le pardon de Ploërmel av Meyerbeer.Witold Rybczynski, Sounds as Good as It Looks, The Atlantic, June 1996.

Leonard Bernstein valde henne ut til å opptre som Cunegonde ved ein konsert i London 13. desember 1989 i ei framføring av Candide dirigert av komponisten (som ho seinare delte ein pris med for Best Classical Album ved Grammy-prisane i 1992, for Abbey Road Studios-opptaka frå desember 1989 med same utøvarar og dirigent.

Tolv dagar seinare, igjen med Bernstein, opptredde ho i Berlin på første juledag med ei oppføring av Beethoven sin Symfoni nr. 9 i D-moll ved Schauspielhaus for å feira fallet til Berlinmuren. Konserten blei kringkasta direkte i over tjue land til eit estimert publikum på 100 millionar, og blei framført av eit orkester og kor med deltakarar av mange ulike nasjonalitetar: frå Tyskland, Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks og kor, koret til Berlin Radiosymfoniorkester og medlemmar av Sächsische Staatskapelle Dresden; frå Sovjetunionen medlemmar av orkesteret ved Kirov-teateret, frå Storbritannia, medlemmar av London Symphony Orchestra; frå USA, medlemmar av New York Philharmonic og frå Frankrike medlemmar av Orchestre de Paris.

1990-åra Det neste tiåret fortsette Anderson å ha tradisjonelle bel canto-roller, men utvida også repertoaret sitt. I januar 1990 framførte ho Berlioz sin songsyslus Les nuits d'été ved Carnegie Hall, med Giuseppe Sinopoli som dirigerte Philharmonia Orchestra frå London. Seinare det året opptredde ho ved Metropolitan Opera i ei storslått oppsetjing av Semiramide av Rossini, i lag med Marilyn Horne og Samuel Ramey. Også i 1990 opptredde Anderson i Pesaro i ein produksjon av den sjeldan oppførte Ricciardo e Zoraide, også av Rossini, og vitja Lyric Opera of Chicago i ein ny produksjon av Lucia di Lammermoor regissert av Andrei Şerban. Ho enda 1990 med ein gallakonsert på nyttårsaftan med Zubin Mehta og New York Philharmonic som blei kringkasta i heile USA i Live from Lincoln Center på PBS.

I februar 1991 vende ho tilbake til Carnegie Hall for å framføra La sonnambula med Opera Orchestra of New York.Bernard Holland, Reviews/Music; June Anderson in 'La sonnambula', The New York Times, February 16, 1991 Same året tok ho del i gallaen for sølvjubileet til den «nye» bygningen til Metropolitan Opera, der ho framørte «Je suis Titania» frå Mignon, dirigert av James Levine. Ho song også med Pavarotti på ein gallakonsert i Teatro Valli i Reggio Emilia i Italia for å markera 30-årsjubileet for den fyrste sceneopptredenen hans. På juledag i 1991 var ho, saman med sopranen Sarah Walker, tenoren Klaus König og bassen Jan-Hendrik Rootering, del i ei framføring av Beethovens 9. symfoni dirigert av Leonard Bernstein i Schauspielhaus i Berlin. Konserten blei teken opp av Deutsche Grammophon og gjeven ut under tittelen Ode an die Freiheit.