«Hold Me Closer» (norsk omsetjing 'hald meg nærare') er ein popsong frå 2022 med den svenske songaren og låtskrivaren Cornelia Jakobs. Songen vart gjeven ut 26. februar 2022 og vann svenske Melodifestivalen same år. Med sigeren var «Hold Me Closer» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia, der han enda på fjerdeplass.
Om songen Jakobs skreiv «Hold Me Closer» saman med låtskrivarane David Zandén og Isa Molin. Songen handlar om det kjenslesmessige kaoset som oppstår når ein jobbar seg gjennom eit vanskeleg brot. Og korleis man ønskjer å halde fast på partneren, sjølv om ein skjønar at forholdet er i ferd med å ta slutt.
Songen vart send inn til songtevlinga Melodifestivalen 2022, arrangert av SVT. Der vart han plukka ut til å delta blant 28 deltakarlåtar. Jakobs hadde tidlegare delteke i Melodifestivalen i 2011 og 2012 som del av popgruppa Love Generation, og i 2021 som ein av låtskrivarane til «Best of Me», framført av Efraim Leo.
Jakobs og «Hold Me Closer» vann den fyrste delfinalen laurdag 5. februar 2022, og før finalen var «Hold Me Closer» den store favoritten. Songen innfridde favorittstempelet og vann Melodifestivalen 12. mars 2022.
Som vinnar av Melodifestivalen vart «Hold Me Closer» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. «Hold Me Closer» vann den andre semifinalen torsdag 12. mai, og enda til slutt på fjerdeplass i finalen laurdag 14. mai.
Listeplasseringar Liste (2022)Høgasteplassering Australia (ARIA Digital Tracks)41 Finland (Suomen virallinen lista)9 Global Excl. US (Billboard)132 Hellas (IFPI Greece)50 Irland (IRMA)38 Island (Tónlistinn)2 Litauen (AGATA)5 Nederland (Single Top 100)76 Noreg (Topplista)15 Spania (PROMUSICAE)88 Storbritannia (UK Singles Chart)59 Sveits (Schweizer Hitparade)53 Sverige (Sverigetopplistan)1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hold Me Closer» frå , den 2. desember 2022.
Kategori:Melodifestival-vinnarsongar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Engelskspråklege songar i Melodifestivalen Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar