«I Am What I Am» (norsk omsetjing 'eg er det eg er') er ein popsong frå 2022 med den maltesiske artisten Emma Muscat. Songen var det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Songen og ein tilhøyrande musikkvideo vart offentleggjorde 14. mars 2022.

Om songen «I Am What I Am» var det maltesiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Songen vart skriven av Dino Medanhodzic, Emma Muscat og dei danske låtskrivarane Julie Aagaard og Stine Kinck. Medanhodzic har produsert den.

Emma Muscat vann retten til å representere Malta i Eurovision Song Contest, då ho i februar 2022 vann den maltesiske songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2022 på TVM. Ho vann tevlinga med songen «Out of Sight» med 92 poeng.

Men etter sigeren vart «Out of Sight» erstatta av «I Am What I Am», og det nye bidraget vart offentleggjort 14. mars 2022. Songen deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai, og enda der som nummer 16 av 18 bidrag. Sidan songen ikkje vart blant dei ti beste, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Am What I Am» frå , den 5. desember 2022.

Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Maltesiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar