NorthKid er eit norsk popband frå Alta og Hasvik som vart skipa i 2017. Bandet deltok i Melodi Grand Prix 2022 med låten «Someone», og fekk ein andreplass i finalen, bak vinnaren Subwoolfer.

Bakgrunn Historia til bandet byrja rundt 2010, då altaværingane Helge Moen og Håkon Guttormsen byrja å spele og skrive musikk saman med nokre vennar. Etter ein konsert med det lokale bandet «Shameless Lisa and the Hormonal River of Boys» på Ungdommens hus i Alta i 2013, vart kameratane inspirerte til å starte sitt eige band. Bandet fekk namnet «Approaching Pluto», og dei spela konsertar både lokalt i Finnmark og utanlands, nærare bestemt i Russland, Finland, Sverige og England.

Etter nokre år med rock i Approaching Pluto valde bandet å endre sjangeren i retning av pop, og dei endra namnet til NorthKid. Gruppa fekk med seg Bilal Saab som vokalist, og starta eit profesjonelt samarbeid med musikkprodusenten Kåre Vestrheim. Etter eit par coverutgjevingar og framsyningar på lokale festivalar i Troms og Finnmark, slapp bandet debutsingelen «Firefly» i november 2017. Låten skreiv dei sjølv saman med Jesper Borgen, Mike Hartung og samarbeidspartneren Vestrheim. Dei neste åra følgde ei rekkje nye singlar, og hovudvokalisten Bilal Saab deltok i, og vann, Stjernekamp på NRK1 hausten 2019. Men konsertverksemda til bandet vart kraftig avgrensa i 2020 og 2021 på grunn av koronapandemien og medfølgjande restriksjonar for kulturliv og folkesamlingar.

I januar 2022 kunngjorde NRK at NorthKid var ein av dei direktekvalifiserte finalistane til Melodi Grand Prix 2022. Dei presenterte låten sin, popballaden «Someone», i den tredje delfinalen laurdag 29. januar 2022. Songen var skriven av bandmedlemmet Helge Moen saman med Alex Charles, Sandra Lyng og Jim Bergsted. Bandet kvalifiserte seg til finalen laurdag 19. februar, og enda opp på andreplass bak vinnaren Subwoolfer.

Besetning Medlemmar i bandet per 2022:

Håkon Mathias Guttormsen (f. 1996) – gitar, synth, vokal Helge Reinsnes Moen (f. 1995) – synth, vokal Vegard Olaussen (f. 1996) – bass, synth Bilal Saab (f. 1999) – vokal Sebastian Manshadi Willassen (f. 1996) – trommar

Diskografi Singlar 2017: «Think Before I Talk» (live akustisk coverlåt) 2017: «Dirty Sexy Money» (live akustisk coverlåt) 2017: «Firefly» 2018: «Mono» 2018: «Give Me a Call» 2019: «Done Fighting» 2020: «I Don't Love You» 2020: «Talk About Us» 2020: «Still Here for You» 2021: «Lonely Too» 2022: «Someone»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «NorthKid» frå , den 5. desember 2022.

Kategori:Norske musikkgrupper Kategori:Norske popgrupper Kategori:Melodi Grand Prix 2022-deltakarar Kategori:Musikkgrupper skipa i 2017